Kultur

Vegen til Europa

Med sin nye roman ­håper Lars Petter Sveen å finne det felles menneskelege, og slik skape ­forståing og engasjement for ­menneske på flukt.

Lars Petter Sveen har allereie vunne ein drøss med gjeve littera­turprisar for bøkene sine, og blitt utnemnd som ein av dei ti fremste norske forfattarane under 35 år. Etter eit to eit halvt år langt opphald i Tanzania, er han og familien tilbake i Noreg – truleg for godt – og med seg i kofferten har han ein ny
roman, det første av to band om fem ­somaliske flyktningar.

I Guds barn (2014), hans førre roman og av mange rekna som hans litterære gjennombrot, får vi høyre historiene til dei som spelte birollene i forteljinga om Jesus. I romanen Fem stjerner, som vart lansert no rett før helga­, har Sveen på attkjenneleg vis igjen arbeidd med historier – denne gongen fortalt av fem ungdommar på flukt gjennom Afrika.

Stort univers

– Eg byrja skrive­ før eg var ferdig med Guds barn, fortel Sveen, etter å ha børsta av seg haustregnet og fått seg noko varmt å drikke.

Han har ikkje heilt vent seg til den norske kulda igjen.

– Det var då media byrja skrive­ om flyktningar som skylte inn mot Europa. Eg ville sjå om eg i skjønnlitteraturen kunne finne fram til individa i denne massen som vart skildra.

Han las seg opp på rapportar og vitneutsegn, og snakka med ekspertar om fluktruter og ­regulering av grensene. I boka vel ungdommane å reise med lastebil via Etiopia til Libya, og ta båt frå Tripoli.

– 22 millionar menneske er på flukt rundt omkring i verda. Det seier seg sjølv at det finst mange ruter. Men den som eg har vald i boka, er ei av dei mest populære, seier han.

LES KOMMENTAR: Meir flukt i litteraturen 

Perspektiv

Det finst også uendeleg mange historier. Dei Sveen har skrive fram i Fem stjerner, er inspirerte av historier han har fått innblikk i gjennom forarbeidet til boka.

– Eg vil ikkje berre skrive om meg sjølv og det som angår meg. Då må ein som forfattar tørre å gripe den moglegheita som ligg i litteraturen – også når ein risikerer å skrive seg inn i noko som er veldig framand for ein.

Sjølv har han aldri vore i ­Somalia.

– Tanzania og Somalia er to veldig forskjellige land. Men det har vore ei nyttig øving å sjå vår del av verda frå ein annan kant.

Handlinga startar i ein landsby i Somalia på ei tid då den islamistiske terroristrørsla al-Shabab var på sitt territorialt sterkaste­ for nokre år sidan. Vi møter søsken­barna Aisha på seksten, som lengtar etter å bli sett på som vaksen, og Said på sytten, som drøymer om å bli fotballproff – rett før dei blir tatt til fange av al-Shabab. Aisha blir ei av ­konene til ein mektig hærførar – og gravid med hans barn. Said blir barnesoldat. Til slutt greier dei å flykte, og i ein flyktningleir i Etiopia ­møter dei Khadar, Isir og Aaliyah. Saman bestemmer dei fem seg for å kome seg til Europa.

LES OGSÅ: «Eg kunne ikkje vere Indias ansikt» 

Overleve

Mange av scenene i boka er grufulle, det er skildringar av valdtekt, prostitusjon, kjønnslemlesting, slavehandel og grov vald.

– Eg ville vise brutalitet frå perspektivet til dei som blir utsett for det og utforske det som kjem etterpå: Korleis leve vidare, bere det med seg?

For Said er det fotballen som fungerer som eit håp å klamre seg til. For Aaliyah er det trua på beskyttande krefter. For Isir er det styrken ho har som leiar for den vesle gruppa og samhaldet mellom dei. Ho tar nokre tøffe val der moralen blir utfordra til ytterpunkta.

– Ho er min favorittkarakter, seier Sveen raskt.

Han hadde lyst til å skrive fram ein leiar.

– Isir skil seg ganske tydeleg frå dei andre, ho er hard og ­kynisk.

– «Å handle godt finst ikkje for slike som oss», seier ho ein stad. Kva meiner ho?

– Alt Isir gjer, er kanskje ikkje godt, men slik er det med alle menneske, vi er både mørke og lyse. Og kva er gode handlingar når du kjempar for å overleve?

LES OGSÅ: – Det kom eit menneskeleg ras i mitt liv 

Tru og eventyr

I kvart kapittel­ skiftar perspektivet mellom dei. Når det er Aaliyah som fortel, skiftar forteljarstilen, og vi er brått inne i eit eventyr.

– Aaliyah opplever at ho ser ei anna verd, ho høyrer dei døde kviskre til henne, og ser hjelparar­ som er med dei på ­vegen, fortel Sveen.

Blant anna reiser dei ein vegg av sand som hindrar slavehandlarar i å nå dei att, og ringen ho ber med seg, har ei utruleg kraft. Dette ser ikkje dei andre, som byrjar å tru at ho har mista vitet.

Her blandar Sveen både somaliske og norske eventyr inn i miksen, og omskrivingar av sitat frå norske og afrikanske dikt, somaliske songar og sitat frå Koranen er til stades i heile boka.

– Eg får også nokre bibelske assosiasjonar her, til israelittanes flukt frå Egypt? Og til ­Ringenes herre?

– Eg liker å blande høgkultur og lågkultur, moderne fantasy, gamle mytar og religiøse forteljingar. Alle ber vi med oss så mange forteljingar.

Allah er til stades som ei rette­snor på ulike måtar for ulike menneske gjennom heile boka. For Khadar er det trua på Allah som gjer at han held ­motet oppe.

– Tru og religion er ein del av det å vere menneske og det vil alltid vere ein del av mine bøker. Vi gløymer litt når vi bur i Noreg, kor sjølvsagt det er for menneske dei fleste stader. Utelet vi å skrive om det, skrumpar det litterære universet inn.

Si eiga forteljing

Historiene vi fortel om oss sjølve, er ifølgje Sveen ein grunnleggande del av det å vere menneske. Kven er vi når vi plutseleg ikkje lenger ­høyrer heime nokon stad? Når ingen lenger kjenner forteljinga vår? Kva historier skal vi fortelje då?

– Livshistoria til desse fem ungdommane, som med svært mange flyktningar, blir tatt ifrå dei, og dei må omskape seg sjølve heile tida. Og det er ikkje gitt at historiene dei no fortel, er sanne. Får lesaren eigentleg vite kven dei er? seier Sveen.

Ei utsegn som går som eit ­insisterande ekko gjennom heile romanen, er viktigheita av å eige historia si sjølv.

– Denne insisteringa er meint å rive lesaren ut av romanen ein augneblink. Som ein privilegert statsborgar frå Noreg – kva rett har eg til å ta deira historier?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur