Religion

- Det kom eit menneskeleg ras i mitt liv

Det er ei kristenplikt å engasjere seg i samfunnet, meiner diktar Knut Ødegård. I år er det femti år sidan han debuterte, og i si nye diktsamling har han tileigna Sylvi Listhaug eit dikt.

– Eg er ikkje så kjent i denne byen lenger, seier diktaren Knut Ødegård då Vårt Land treffer han over ein kaffi i Oslo, som for å forklare kvifor han er tidleg ute. Han sit allereie klar med ein kopp då vi kjem, staseleg kledd i finskjorte og tversover, slik han plar, og med den nye diktsamlinga si på bordet.

I år er det femti år sidan han debuterte som lyrikar med samlinga Drøymaren, vandraren og kjelda, 22 år gamal. Tittelen på den nye diktsamlinga hans er Tida er inne, og omslaget er dekt av eit av Edvard Munchs siste­ sjølvportrett, Mellom klokken og sengen 1940–1943.

Spørsmålet om Ødegård ikkje har tenkt å skrive meir etter dette, tvingar seg fram.

– Tida er vel ikkje inne enno?

– Eg er snart 72 år, så eg veit ikkje. Klokka tikkar stadig nærmare senga. Eg hadde jo tenkt å gi meg då eg var ferdig med å gjendikte Edda, men så pressa desse dikta seg fram.

Det er noko valdsamt over fleire­ av dei nye dikta til Ødegård, noko skakande, det er krig, hat og verdas undergang – men fleire av dikta handlar om aldring, og desse er det ei ro over.

– Mange synest jo det er noko fornedrande med det å bli gamal, håret blir kvitt og tennene ramlar ut, men det har si skjønnheit. Eg synest det er spennande å ­studere dei kroppslege endring­ane. Og eg konstaterer at kjærleiken er søtare i alderdommen enn i ungdommen, fortel han.

LES OGSÅ: Vulkaniske dikt med religiøs tone

Traume

Elles er samlinga prega av tema Ødegård har skrive om før, oppveksten i Molde, sinnsjukdom, og etterverknadene av krigen, korleis eit slikt nasjonalt traume speler seg ut i ein familie, i eit lokalsamfunn. Han skriv om Therese som blir angripen fordi ho forelska seg i ein tysk soldat og om barnet som blir utstøytt fordi faren kanskje var på feil side under krigen.

Ødegård vaks sjølv opp med ein far som var politi i Oslo under deportasjonane i 1942, og som ikkje fekk stilling i politiet etter krigen. Sjølv om det ikkje fekk store konsekvensar for korleis familien vart møtt i småbyen, klarte ikkje Ødegård å sleppe tematikken.

– Så vidt eg kan sjå, gjorde­ han ingenting anna enn det som var forventa av norsk politi den gongen. Men han ville aldri snakke­ om det, og det låg som ein skugge­ over meg, som fekk meg til å spørje om kva som eigentleg skjedde, seier Ødegård.

Det gjorde at han byrja undersøkje kva som skjedde med folk som var større offer, i møte med lokalsamfunnets grenselause forakt i sigersrusens namn.

– Det er jo ikkje slik at eg har opplevd alt dette sjølv, men eg nyttar bitar av min eigen biografi i diktinga.

LES OGSÅ: Gud i samtidslitteraturen

Normalitet

Både i diktsamlingane Missa (1998) og Det blomstra så sinnsjukt (2009) er sinnsliding viktige tema, Ødegård har skrive mykje om angst og om vrangførestillingar. Sjølv har han ei vaksen dotter med schizofreni, og saman har dei blitt samde om å setje ord på det ho ser og høyrer i poesien.

I Tida er inne handlar det mellom anna om dårekister og lobotomi. «Dei lobotomerte / kjenner det som om dei ligg der og driv / i sjøen som daudingar, søkk», lyder­ første strofe i diktet om onkel Lars, som hadde syner og høyrde­ stemmer, som vart ein byrde.

– Det var mors fetter Lars dette skjedde med, som eg fekk høyre om som barn. Eg kjenner ikkje alle detaljar, men har lese meg opp på dei kirurgiske inngrepa som vart gjort, fortel Ødegård, som er opptatt av kor skiljet går mellom galskap og normalitet.

Det han først og fremst håper med dikta sine, er å skape ­empati for dei som er mest utsette i samfunnet vårt.

– Alle skal vere så vellykka i kropp og i sinn i dagens samfunn, og det er mykje skam knytt til annleisheit.

Sjølv ser han på det han skriv som forsvarspoesi for dei mest sårbare blant oss. Det byggjer han på si kristne overtyding.

– Vi kan aldri tillate oss at ­hatet skal sleppast laus, seier han, og setninga blir hengande i rommet.

LES OGSÅ: Edda-dikterne ville ikke vært overrasket over dagens økonomiske kollaps

Grådigheit

Eit dikt som er særleg samfunnskritisk, er «Skuggar», om Maryam og det vesle barnet hennar, som er eit resultat av ei valdtekt, og deira forsøk på å flykte frå Aleppo til Europa.

– Det har du tileigna Sylvi Listhaug?

– Eg er aldri partipolitisk i ­diktinga mi, men eg meiner det er ei kristenplikt å engasjere seg i samfunnet. Eg tviler ikkje på Listhaugs oppriktige tru, men eg vil få ho til å sjå, etablere ein ­empati med politisk konsekvens for dei som er offer for krig og forfølging. Maryam flyktar med gutebarnet på armen, slik ei anna Maria gjorde ein gong. Men det er ingen happy ending hos meg, dei druknar på vegen til Europa.

I diktet «Duskregn», eit dikt som framstår som eit bilde på dommedag, nyttar han gjennomgåande direkte sitat frå ­Voluspå, Volvas spådom om verdas undergang, frå Edda.

– Det er jo den same tematikken, frå ei paradisisk uskuldstilstand der gudane sit og leikar med gull, kjem det etter kvart inn eit begjær etter å eige det og etter­ kvart krig. Om ein omset gull med olje, kan ein lettare skjøne dagens kart over krig og terror.

Diktet er fullt av brutale bilde, det er radmagre ulveflokkar og drakar med lik i kjeften, plyndring og kannibalisme, og «ein kval låg og rotna, fylt av plastposar».

– Er «Duskregn» ein spådom for vår tid?

– Ja. Og vi skal ikkje mange år fram i tid før politikaranes ansvarsløyse får konsekvensar. Vi må sjå korleis grådigheita stengjer for ein forpliktande klimaavtale, før det er for seint.

Den kristne trua har Ødegård alltid hatt med seg, og han ber den same kveldsbøna i dag som den mora lærte han då han var liten. Likevel var det først då han konverterte til katolisismen i 1991 at han opplevde at han kom heim. Då ­endra også diktinga hans seg, noko ein kan sjå tydeleg i Missa, som er strukturert som den katolske messa. Men det var noko anna også, som gjorde det nødvendig å skrive annleis.

LES OGSÅ: Heltedikt for vår eiga tid

Brot

– Det kom eit menneskeleg ras i mitt liv, eit år der eg sjølv var til behandling på psykiatrisk ­sjukehus. Det var ei livskrise som gjorde at eg måtte skrive på ein annan måte, om det som for meg vart den kristne erkjenninga.

Ein kan sjå eit avgjerande brot med den tidlegare diktinga som var prega av kortare dikt, estetisk orienterte natur- og stemningsbilete, slik han sjølv seier det.

– No vart eg tvungen til å belyse­ dei mørkaste krokane av menneskesinnet. For alt menneskeleg har sin plass i messa. Forma vart meir forteljande, og språket meir kristent – og meir brutalt.

Det trur han kan verke framand for mange lesarar.

LES OGSÅ: Tre poeter om Arnold Eidslott

Internasjonal

I samlinga som kom i høve 70-årsdagen for to år sidan, Drankarar og galningar (redigert av Endre Ruset), skriv Steinar Opstad i etterordet at tema som gudstru og synd kan ha vore med på å marginalisere Ødegård i den norske ålmenta. Samstundes er han altså truleg den nolevande norske lyrikaren som er attdikta til flest språk, og ein rask kikk på merittlista hans seier litt om kva namn han har internasjonalt: Han har fått ­lyrikkprisar frå mellom anna Slovakia, Taiwan og Romania, han er kommandør av den romersk-katolske Ridderordenen av Den hellige grav i Jerusalem, æresdoktor i litteratur i Mexico, og i år vann han Ulaanbaatars internasjonale lyrikkpris i Mongolia, der han er æresprofessor. Han har også budd dei siste 35 åra i utlandet, på Island – sjølv om han også er mykje i barndomsheimen i Molde.

– Så internasjonal du enn er blitt; Molde verkar aldri å vere langt unna?

– Eg kom meg aldri vekk frå Moldelia litterært. Alt menneskeleg finst der, og eg treng ingen annan scene. Der har vi fødsel og død, det sjenerøse og det grådige hjartet, der har vi håpet om ein ny vår. Går ein nært nok blir det lokale allment og forståeleg for alle, anten det er i Noreg ­eller i Tibet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion