Kultur

Såpe for sosial endring

Frå å vere feia under teppet i dei fleste indiske heimar, er vald mot kvinner blitt eit sentralt tema i litteratur, film og TV over heile landet. Tabu rivest med melodrama og spenning.

«Eg kan overstige eit kvart hinder ved hjelp av motet mitt», seier Sneha, hovudpersonen i den indiske såpeserien Main Kuch Bhi Kar Sakti Hoon, eller: «Eg, ei kvinne, kan klare alt». Ho er lege, og har flytta frå ein lovande karriere i Mumbai tilbake til landsbygda der ho kom ifrå, etter at søstera hennar døydde av ein seinabort av eit jentefoster. Serien er sett av fleire hundre millionar menneske og har skapt sosial endring og betra vilkår for kvinner over heile landet.

Såpe-format

Sidan første episode vart send i mars 2014, har «Eg, ei kvinne, kan klare alt» gått to sesongar på til saman 121 episodar. Serien er på hindi og dubba til 12 andre indiske språk, tilgjengeleg på 260 kanalar. Bak serien står organisasjonen Population Foundation of India (PFI), ein organisasjon som jobbar mellom anna for kvinners rettar og helsefremjande opplysingsarbeid, og rundt serien er det eit enormt apparat, med parallelle radioprogram og eit call-senter sjåarane kan ringe til.

«Eg, ei kvinne, kan klare alt» røskar tak i ei rekkje tabu i det indiske samfunnet, frå vald mot kvinner og barneekteskap til familieplanlegging og menn sitt ansvar i heimen. Det er tufta på folkeopplysning – utan at det blir normativt eller kjedeleg.

– Det er fordi vi alltid tenkjer underhaldning først, seier regissør Feroz Abbas Khan på telefon til Vårt Land frå Mumbai, etter at han har søkt ly for flommen som herjar byen.

– Det er dei sterke historiene som er bodskapen, det er dei som vekkjer kjensler. Dei som ser på, skal aldri tenkje at «desse folka prøver å lære oss noko», og sjølv om vi tar opp viktige tema, går vi aldri bort frå såpe-formatet.

LES OGSÅ: Reiste til India for å se sorteringsdebatten klarere

Når landsbygda

Khan er godt i gang med arbeidet med tredje sesong – som først kjem eit godt stykke uti 2018.

– Før vi i det heile tatt tenkjer på manus, drar vi ut på landsbygda og snakkar med folk der. Det er deira historier som er utgangspunktet – så legg vi til dramatikken seinare. Det er jo desse menneska vi vil nå ut til, og då må vi vite kva dei tenkjer og korleis dei lever, seier han.

Serien har i alle fall 250 millionar sjåarar, men det kan også vere så mykje som 400 millionar.

– Det er ikkje så lett å måle, nettopp fordi sendingane når så breitt ut, også til område på landsbygda som kanskje ikkje har korkje TV eller straum.

– Kvifor er serien blitt så populær, trur du?

– Folk kjenner seg att i konfliktane som spelast ut, og vil gjerne sjå noko som tar tak i utfordringar dei opplever i kvardagen sin. Og så er det det at vi ikkje berre peiker på problema, men faktisk presenterer løysingar.

Inspirasjonen til programmet kom blant anna frå den sørafrikanske TV-serien Soul City som tar opp spørsmål knytt til hiv/aids, og opplysande meksikanske telenovelas som blant andre Lo que Callamos Las Mujeres, «Det kvinner ikkje seier».

– Men sjølvsagt også frå det indiske samfunnet og det som skjer der, understrekar Khan.

Tida var moden.

Nye takter

Haldningane til kvinner og kvinners livsvilkår i India skil seg ikkje betrakteleg frå situasjonen i landa rundt, og brutale overfallsvaldtekter og syreangrep på kvinner er eit stort problem, saman med skeiv kjønnsfordeling på grunn av abort av jentefoster, barneekteskap, tette barnefødsler og sosial kontroll med jomfruhinne som stikkord.

– Det er eit veldig konservativt og djupt patriarkalsk land, seier den svenske journalisten Julia Wiræus, som har budd i India og snakka blant andre med kvinner som er blitt utsette for valdtekt og syreangrep, og familiane deira.

– Valden og den sosiale kontrollen finst overalt i landet, på tvers av religiøs tilhøyrsle – her blir religion berre ei bisak.

Nyleg gav Wiræus ut boka De kallade henne Delhi Braveheart som viser til ei ung kvinne som vart brutalt valdtatt og drepen av seks menn på ein buss i Delhi i desember 2012. Hendinga sette i gang noko som kan sjåast som ei gryande byrjing til endring i landet.

– Vald mot kvinner har vore eit omfattande problem over lang tid. Men då Jyoti Singh svevde mellom liv og død etter skadane ho fekk av valdtekta, demonstrerte titusentals av kvinner for rettferd.

Dette endra den offentlege samtalen om kvinner.

– Plutseleg snakka alle i alle medium om kvinners tryggleik, og ein fekk faktisk gjennom nokre lovendringar, sjølv om det går treigt på politisk nivå. Det er innført restriksjonar på sal av syre, stalking er blitt ulovleg, og det er blitt straffbart for politibetjentar å ikkje ta imot meldingar av valdtekt.

LES OGSÅ: Tror guruen er gud

Progressivt

Mobilteknologien i landet har gjort at fleire kan ytre seg kritisk og faktisk nå ut, og ho viser til fleire kampanjar på sosiale medium som har starta rørsler for å betre vilkåra.

– Det som er spesielt med India, er at det skjer nye ting heile tida. Sosiale medium kan ha stor effekt, og det same gjeld for film og litteratur.

Folket vil heller høyre på det ei kjend Bollywood-stjerne seier, enn på ein politikar. Wiræus trekker fram spelefilmen Pink med kjende stjerner i hovudrollene, ein film som konfronterer undertrykking og stigmatisering av kvinner gjennom eit spennande, thriller-aktig plott. Filmen er på hindi og når derfor breiare ut enn til den engelskspråklege middelklassen.

– Denne filmen hadde ikkje vore mogleg før Jyoti, seier Wiræus.

Ho understrekar at det likevel først og fremst er snakk om den urbane middelklassen, som er påverka av global populærkultur, som er dei som driv den progressive utviklinga.

– Ein serie som «Eg, ei kvinne, kan klare alt», når kanskje breiare ut?

– Ja, det vil eg tru, det er vel den mest sette serien, også blant fattige. Alle pratar om den, og eg trur den har gjort meir enn noko anna.

Endring

Organisasjonen PFI har utført spørjeundersøkingar bade i forkant og i etterkant av første sesong av serien, og dei viser ganske riktig at han har hatt enormt gjennomslag: Både auka kunnskapsnivå, haldningsendringar og endra praksis er målte. Og call-senteret mottok 600.000 telefonar etter første sesong.

Feroz Khan meiner at TV er det mediet som best evnar å få til sosial endring.

– Fordi denne serien sendast gratis på statlege kanalar, når han også fattige på landsbygda, og dermed mykje vidare enn film og litteratur som er retta mot middelklassen i byane.

Men han peiker også på at alle medium har sitt eige temperament.

– I litteraturen er det også noko kraftfullt. Gjennom den kan ein snakke til dei som har makt til å gjere ein forskjell.

LES OGSÅ: Vil gjøre India hinduistisk

Poesiens kraft

Det er det også fleire som prøver på, og i India finn vi mange døme på forfattar som tematiserer vald mot kvinner og kvinneundertrykking i skrivinga si, blant andre poetane Tishani Doshi og Salma, som begge var inviterte til Norsk litteraturfestival på Lillehammer i år. Doshi, som skriv dikta sine på engelsk, gav nettopp ut diktsamlinga Girls are Coming out of the Woods.

– Desse dikta vart skrivne ut frå ei kjensle av gru og av at noko må endre seg. Vi les om brutal vald mot kvinner i India i nyheitene kvar dag. Og eg ville seie at det kan ikkje ende med vald, valden vil etterlate seg ekko som vil heimsøkje oss, seier ho til Vårt Land på e-post.

Ho fortel også om ei tydeleg endring i engasjement etter valdtekta og drapet på Jyoti Singh, som har gjort den offentlege samtalen i India ein annan. Sjølv om det ikkje har skjedd enorme endringar på politisk nivå og motkreftene i landet er sterke, er eit tema som før var feia under teppet, no løfta fram og inn i gatene, i skulen, i sosiale medium, i film og TV, og i litteraturen.

– Litteraturen er ein av dei få stadene som framleis kan romme ei djup forståing av kva det vil seie å vere menneske. Mykje av problemet er jo at vi behandlar gutane og jentene våre ulikt frå starten av. Litteraturen kan løfte oss ut av oss sjølve, og hjelpe oss å endre dette, seier Tishani Doshi.

I fleire av dikta skriv ho om det å vere skapt til å vere mor – og å velje å ikkje vere det.

– Spørsmålet om morskap er så lada her i India. Om ei kvinne vel å ikkje få barn, blir det sett på som tragisk. Og dette i eit land med 1,2 milliardar menneske! Ein skulle tru at kvinner som valde å ikkje bidra til den byrden overbefolkninga er, vart sett på som pionerar, ikkje tragediar.

LES OGSÅ: Lite politikk i den norske litteraturen

Knuse mytar

Historia til den tamilspråklege forfattaren Salma er eksepsjonell. Frå å bli halde fange i sin eigen heim, først av foreldra, så av ektemannen, er Salma blitt ein verdskjend poet og feminist og ei sterk røyst i det indiske litterære miljøet. I fleire av dikta sine skriv ho om samfunnets syn på kvinner som seksuelle objekt.

– Vi ser no at fleire jenter og kvinner bryt barrierar, men det er framleis mykje som må skje. For at kvinner skal ha like moglegheiter som menn, må vi til dømes ha eit utdanningssystem som bidrar til å knuse mytane om og fordommane folk har til kvinner, seier Salma til Vårt Land.

– Kan litteraturen og populærkulturen påverke dette, trur du?

– Absolutt. Det kan gjere folk bevisste på kva røynd vi faktisk lever i og få dei til å forstå at vi må forandre henne.

Mer fra: Kultur