Anmeldelser

Poetisk triumf

Ei heilt særeiga røyst er tilbake etter ni år. Torgeir Schjerven liknar ikkje på nokon annan.

Denne anmeldelsen er skrevet av Knut Ødegård

Det er godt å ha Torgeir Schjerven attende blant poetane etter ni års fråver frå bokheimen.

For han er ei heilt særeiga røyst i norsk lyrikk: Ein balansekunstnar, biletskapar og språkets musicus som ikkje liknar på nokon annan eg veit om.

Kvifor Harry?

Kvifor han no står fram som T. Harry Schjerven, veit eg ikkje, men innbiller meg at det har med hans leikne haldning til eigen identitet å gjera: Poeten er ikkje alltid påliteleg som kronikør, og slett ikkje som sjølvbiograf, poeten er mange - og ein som skapar nye syn og innsyn.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Eg-personen har slett ikkje alltid identisk ytre biografi med den som skriv.

Mors historie

Likevel meir enn anar ein ei eigen-opplevd historie i dei mange dikta om Harry og hans mor.

For oss som er komne til års, er det ei historie vi kan kjenna oss att i: På kyrkjegarden ved grava, minna (stundom upålitelege) gjennom mange år, leitinga etter mors historie frå hennar barndom og ungdom.

Og kva med sorga? Meir som eit tomrom, einsemd, noko som – og naturleg nok etter år og dag – er borte som livsens gang og endelykt.

Det er ikkje den ytre store historia dette dreier seg om, men – og som tittelen peiker på – om den vesle tåra: «Harrys lille tåre».

LES FLERE BOKANMELDELSER HER

Balansen

Drivkrafta i desse dikta er den hårfine balansen mellom det som ser ut til å vera spontane innfall og stramt språkleg uttrykk.

Ja: Balanse, for det er viktig om ikkje poeten fell ned frå den stramme lina han går på. Denne balansen ligg i ein språkleg stringens og der rytmen er heilt avgjerande.

Like hårfin er balansen mellom hard røynsle og (sjølv)ironi.

LES OGSÅ: Eit imponerande langdikt frå ein av våre mest talentfulle poetar

«alt har navn»

Diktsamlinga har mange høgdepunkt med frodige og leikne bilete og sirkusaktige scener, ikkje minst i eit kystnorsk landskap der den aldrande Harry leitar etter mor si som jentunge.

«Jeg ror og ror og ser meg om/ der mora mi var barn,/ og synes jeg blir passet på/ i dødsløs demring». Det er ikkje berre rytmen og verseform som er originalt av di han plasserer seg i før-modernistisk versekunst, men også opplevinga av natur som noko ein sjølv er del av, og kommuniserer med, ja «ja alt har navn, jeg ror/ i navn». Men dette er svikefullt som det meste, og «(...) mine årer/ skraper mot et fjordtablå/ som rulles sammen (...)»

LES OGSÅ: Poetens lovtale

Flåing av uer

Han fråtsar som Herr Petter i natur og dyrerike, ikkje minst i fisk, og i eit fenomenalt dikt, (s. 36 f.} får vi Harrys instruering i flåing av uer, der poeten i ein grunnlærd diktars inspirasjonsrus tek i bruk enderim, halvrim, alliterasjon, ulike rytmeskjema, direkte tale og invertert ordstilling, gamallitterært og krøkkete språk – i ein stor poetisk triumf.

Slik kan han leika seg med alliterasjon og rytme: «Trøsten i min tomme tale/ er at fisken fortsatt lever» (for fiskelykka var visst ein av Harrys draumar, og poetens ærlege løgn).

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser