Bøker

Lyset i språket

Terje Dragseths Jeg skriver språket er eit imponerande langdikt om skrift, historie, samtid og framtid frå ein av våre mest talentfulle poetar.

Det store gjennombrotet for Terje Dragseth som poet kom med Bella Blu: Håndbok for verdensrommet i 2012. Det var ei på alle måtar stor bok, omfangsrik og ruvande av utfordrande innhald i denne lyriske ferda ut i det endelause romet.

Årets diktsamling – eller rettare: langdikt - er ikkje like omfangsrik, men ikkje mindre insisterande på fasthaldinga av det som er Dragseths hovudsak: språket. Sjølv om Bella Blu var ei romskipsforteljing, fjernt i slekt med Harry Martinssons Aniara, las eg boka meir som ei språkundersøking enn som odyssé. Jeg skriver språket er mindre forteljande, men ho er resultatet av ei hektisk skaping i form av ei rad språklege punktnedslag i tid og rom.

LES OGSÅ: Forfatter Erland Kiøsterud tror folk sier «Gud» mye oftere enn de er klar over

Skrifthistorie

«Jeg skriver språket» og «jeg skriver» er dei gjennomgåande formuleringane i diktsamlinga. Sjeldan eller aldri før har vi vel møtt ein slik konsentrasjon om skrifthistorie og om det å skriva fram historie og samtid, menneske, ting og sosiale relasjonar, det heslege og det useieleg vakre, det realistiske og det bortanfor som berre diktet kan fanga inn.

Det er vakre formuleringar her, Dragseth skriv jamvel «lys i sjelens mørke», men den veldige opphopinga av litteraturrestar og fenomen som han skriv fram, levnar meir otte en von for menneskets framtid og klotens eksistens.

«Jeg skriver språket/ altså er jeg», heiter det likevel hos Dragseth, med ei klår tilvising til René Descartes «jeg tenker, altså er jeg». Då augnar ein ei von – og det nødvendige - i skrivinga.

LES OGSÅ: – Kultur er mer enn kakepynt

Språket i alt

Når poeten skriv språket, er det ikkje berre fenomena som vert skildra det dreier seg om, men det ibuande språket i alt og alle. Han skriv ikkje «om skyggen», men diktar-eget «skriver skyggen fra en stein og månens bakside». På sitt beste, og det er Dragseth ofte her, klarar han å sjå – altså: skriva - det vesle og det store i same syn, som i framhaldet av det siterte: «jeg skriver jorda i ellipse rundt sola/ og de sju planetene/ og melketennene (...)»

Det er mange tilvisingar til andre forfattarar og eldre skrift og kulturovringar i boka, frå Homer via Bibelen og Snorri Sturluson og Shakespeare fram til Wergeland, Ellen Einan og ikkje minst vår kanskje fremste samtidspoet: Stein Mehren. Og ei lang rad andre som eg innbiller meg alle er viktige for Dragseth.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Monotont

Det er eit messande tonefall over langdiktet. I det store og heile er det imponerande godt gjennomført. Men dei stadige punktnedslaga kan stundom virka noko monotont oppramsande, grensande mot det søvndyssande, godt då at det innimellom finst bilete som vi kan dvelja lenger ved – slik at biletet får tid til å ta bustad i lesaren. Det gjeld til dømes på side 58, der Dragseth skriv eit språk «for kvinnene på omsorgssenteret/ kvinnene som vinker til meg med knekk i skrøpelige håndledd// i fotside kåper og solide sko med ispigger// med rullatorer i regnet over vannpytter og strøgrus/ skriver jeg/ de gamles verdighet inn i språket (...)».

Då toler ein litt meir overflatiske utfall mot kapitalismens herjingar. For denne poeten trur på «språkets iboende lysegenskaper».

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker