Film

Iransk regissør med kunst under press

Den iranske regissøren Jafar Panahi er frådømt løyvet til å lage film. Den nye filmen hans, Taxi Teheran, tematiserer filmkunstens utfordringar i Iran på suverent vis.

Nokre filmregissørar har det vanskelegare enn andre. Iranske Jafar Panahi er blant dei som har det aller vanskelegast.

Etter å ha støtta den grøne opposisjonen under presidentvalet i 2009, blei han dømt til fengsel i seks år og 20 års forbod mot å regissere eller produsere film.

Den første delen av straffa er heldigvis ikkje blitt effektuert, og Panahi finn også stadig nye møtar å omgå forbodet på. Den nye filmen hans, Taxi Teheran, er ein lågbudsjettsfilm der regissøren køyrer rundt i den iranske hovudstaden med eit kamera montert ved frontruta.

LES OGSÅ: Denne filmen funker best som Oslo-reklame

Som regel peikar det bakover mot regissøren sjølv, og passasjerane han plukkar opp på vegen gjennom byen.

Overraskande

Og for nokre passasjerar! Det er vanskeleg å vite kor mange av dei som er skodespelarar og kor mange som på førehand visste at Panahi spelte inn film. Men gjennom menneska som er innom drosjen, får vi eit godt inntrykk av situasjonen i Iran i dag.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Ein av dei artigaste er ein luring som sel piratfilmar. Filmen får ei overraskande vending når det viser seg at han prøver å dra nytte av situasjonen og møtet med den kjente iranske regissøren.

Gullfisk

Eit anna interessant møte er med dei to eldre damene som er på tur med gullfisken sin, eit mogleg nikk til Panahis debutfilm Den hvite ballongen (1995).

Panahi møter advokaten sin, han får på ein passasjer som moglegvis er døden nær, og som må køyrast til sjukehuset, og ikkje minst møter han den ni år gamle niesa si, Hana.

LES OGSÅ: En forfriskende og politisk ukorrekt film

På skulen har Hana lært om kva som er lov å vise og ikkje vise på film – noko som gir ein god peikepinn på restriksjonane iranske kunstnarar møter i det daglege.

Enkel form

Det enkle formgrepet Panahi brukar i Taxi Teheran er ein påminnar om vanskane han har ved å få laga film, men samtidig eit effektivt grep som tydeleggjer historia han ønskjer å fortelje. Filmen blir dobbelt styrkt ved dette.

Bilsettinga og det halvdokumentariske grepet kan minne om Abbas Kiarostamis Ten og Smaken av kirsebær.

Panahi har tidlegare fått sjølvaste Gullbjørnen i Berlin for denne filmen, som omsider er klar for ordinær norsk kinopremiere.

Jafar Panahi har laga ein ny film utanom det vanlege.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film