Anmeldelser

Hjartevarmt om tid som var

Oskar Stein Bjørlykke byr på truverdige tidsbilete frå krigs- og etterkrigstida i eit vestnorsk bygdesamfunn.

Oskar Stein Bjørlykke er ein godt vaksen forfattar, fødd i 1939. Det året vart òg eg-personen i den nye boka hans, Litle meg, fødd.

Forfattaren og hans hovudperson Heine Bakke har mangt til felles, både kva gjeld barndoms- og ungdomstid, geografi og interesser som vert til fag.

Både forfattar Bjørlykke og hans Heine Bakke er prestesøner. Kva som er biografisk og kva som er oppdikta, kan eg ikkje seia stort om, men det er nok slik at Bjørlykke nyttar sine minne og røynsler frå oppvekst i ei vestlandsk bygd på 1940- og 50-talet til å skriva historia om norsk krigs- og etterkrigstid frå eit originalt og lite brukt perspektiv.

Snill og klår

Det er ei hjartevarm bok, nesten i overkant snill og from. Men så reddar han seg rett som det er frå den sentimentale julehefteforteljinga med eit gneistrande godt nynorsk språk og klåre registreringar av den historiske tida i Bygde-Noreg. Presteforteljingar har vi mange av i norsk litteratur, færre om den spesielle og stundom uklåre sosiale stoda presteungane var i.

---

litle meg

Historier

Oskar Stein Bjørlykke

Litle meg: historier

229 sider, Samlaget 2023

---

Boka er sjangerdefinert som «historier», men det er tale om ei meir eller mindre samanhengande utviklingshistorie frå tidleg barndom til ungdom og nokre tilbakeblikk frå ein vaksenposisjon.

Roman?

Eg les boka meir som (historisk fundert) roman enn som sjølvstendige historier. Ho er inndelt i seks hovuddelar pluss ein prolog, og kapitla har gjerne sine sjølvstendige tema i den større forteljinga som boka utgjer. Det er bygda/staden, 2. verdskrigen, freden, smerta (av ulike slag) skulen og andletet (også merkt av sjukdom).

Dei romartal-merkte einskildkapitla har ofte ei opningssetning, som ei slags tilkjennegjeving av det sentrale i teksten som fylgjer. Som til dømes kapittel XXIX, som byrjar slik: «Skulen var botemiddelet mot alt som var skakt og vondt.»

Poliomyelitt

Og skulen spelar stor rolle for Heine Bakke, han er ein lesehest og funderer på mangt som bøker kan gje svar på. Derimot er han mindre ihuga og for spinkelt bygt til å vera på høgd med storebroren i idrett og fysisk aktivitet. Dette var ei tid då skarlaksfeber framleis herja, men det store skrømtet var poliomyelitt.

Så vert Heine råka av polio. Skildringa av sjukdomen, både den fysiske og psykiske sida ved eit polioråka barn, er eit høgdepunkt i boka. Her kjem Heine lesaren nær, her er han meir enn ein figur plassert som forteljar om ei historisk tid og ein bygdenorsk samfunn som var, her ser vi eit ung menneske med smerte, von og glede.

Fjerne folk

Bygdefolket er elles merkeleg fjerne, og det trass i alle særeigne sider dei har, den eine bygdeoriginalen etter den andre – med slike karakteriserande tilnamn som det var vanleg på norske bygder å gje folk. Vi trur på dei mest av alt som i ei historiebok med bilete frå gamle dagar, dei kjem oss sjeldan verkeleg nær som menneske av kjøt og blod og sjel og ånd.

Personane er så klokt og rett plasserte, men det dirrar ikkje av liv i dei, overskriding er fråverande – bortsett frå i tankane til den veslevaksne hovudpersonen Heine og i dei finstilte sansingane hans.

Eg trur problemet for den gode forfattaren Bjørlykke at han rett og slett er for varsam

—  Knut Ødegård

Eg trur problemet for den gode forfattaren Bjørlykke at han rett og slett er for varsam, for audmjuk i omtale av personar. Det gjeld òg skildringa av Heines far, presten, i krigs- og etterkrigstid. Her hadde eg ynskt meir innsyn i tenkemåte og kjensler, ikkje minst i tida då dødsdomane vart eksekverte (dødsstraff vart ikkje avskaffa ved lov i Noreg før i 1979).

Stram komposisjon

Men Litle eg er, og summa summarum, eit lytelaust gjennomført prosjekt, stramt komponert utan blindvegar i teksten. Og så opnar boka med ein sterk prosalyrisk prolog som syner at jammen er det sevjekraft i det aldrande diktartreet:

«Tida er med meg, som ei lang strekning./ Eg stod ved stoveglaset, såg på klessnora ute i hagen. Snora var tida, tørkekleda hendingane. Dei var der i forskjellige fargar og rørsler, blafrande i vinden.»

Få aktuelt bokstoff fra Vårt Land til din e-post. Meld deg på vårt nyhetsbrev her:

* indicates required


Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser