Anmeldelser

Hjarteromklang

Kropp er ånd og kjærleiken kan vere politisk. Slik kan ein også tolke Susanne Sundførs album «blomí».

Blómi er norrønt for «bløming». Det er tittelen på Susanne Sundførs nye album, og platesleppet er godt tima, for skulle ein finne på å stikke hovudet ut av kontoret no om dagen, er det fuglesong og nyutsprungne bluss overalt.

Fuglekvitter blir det òg på kontoret når ein set på denne plata. Sundfør skal ha hatt dottera i tankane i arbeidet, og spesielt tittellåten er ei øm blanding av trøyst og oppfordring til å tru på kjærleiken i møtet med sorga som også vil kome.

Harmonien rår grunnen aleine på blomí. Her finst rolege balladar og overjordisk skimrande synth-klangar, men også energiske trommerytmar og fleirstemt korsong som gir gospelassosiasjonar. Meldarane har bejubla dette, og fleire har dratt linjer tilbake til det akustiske uttrykket på debutalbumet.

Derimot er fleire skeptiske til innslaga av åndelegheit, men det eit trekk ved Sundfør som har vore der heilt frå starten.

Haugesundaren Sundfør debuterte med eit sjølvtitulert album i 2007 og steig raskt på den norske stjernehimmelen. Ho er rett og slett ein eksepsjonelt uttrykksfull songar, tekstskribent og komponist. Men ein like viktig grunn til at eg set henne høgt, er at ho er intellektuelt open og ikkje vik unna dei store, eksistensielle perspektiva.

For meg heng dette saman med det musikalske uttrykket som spenner frå det sakrale til det beintøffe – enten ho er akkompagnert av harper, piano eller heftig tromming og elektronisk synt, er det intensitet i alt ho gjer.

Som ein lovsong

Eg huskar enno kor eg var den første gongen eg høyrde Susanne Sundfør. Eg kom inn på stova heime hos foreldra mine der TV-en stod på. Songen greip meg straks: Ei ung kvinne akkompagnerte seg sjølv på piano og song det som i mine øyre var ein kristen lovsong. Låten var «I resign», og refrenget går slik:

Hallelujah

Show me all the glory

Celebrate our freedom from poverty and hell

And you sing hallelujah

And you show me all the glory

You embrace our eternity

And you tell me that I’m not a sinner

På albumet var det berre denne eine songen som gav slike assosiasjonar, og på Sundførs neste utgjeving hadde ein mørk og valdeleg visjon tatt over: The Brothel (2010).

Også dei neste platene var prega av dramatikk og weltschmerz, men på Music for people in trouble (2017) skjer det eit skifte: Mellom desillusjonerte tekstar om kjærleikssorg og dystre bilete av ei verd som går mot katastrofen, finst også referansar til austleg mystikk: mantra, reinkarnasjon og tempelbjøller.

Siste spor, «Mountaineers», tonar ut i ein frigjerande og forsonande hymne. Der tar artisten, slik eg tolkar henne, eit val om å velje håpet og livskrafta.

Denne tonen tek ho opp igjen på blomí. Albumet struttar av livskraft, og bløminga har ein tydeleg åndeleg dimensjon.

---

blomi

Album

Susanne Sundfør

blómi

Blomi Records/Warner Music 2023

---

Kropp og ånd

Det startar med lydsporet «Orð Vǫlu», der Eline Vistveen, musikar og healer, snakkar om å lytte innover i sin eigen kropp for å finne balanse i tilværet. Er ein heilt stille, kan ein bak sitt eige hjarte finne eit tomrom liknar eit svart hol i universet, det er gnistrande mørke og flytande intelligens.

Albumet struttar av livskraft, og bløminga har ein tydeleg åndeleg dimensjon

—  Merete Røsvik

Monologen sluttar slik: «And the body is not apart from the spirit. The body appears every moment, and it’s constantly made of love in one of the purest forms. Gravity.»

Dette er tankegods ein kan kople til ei ikkje-dogmatisk åndelegheit som til dømes den tysk-canadiske åndelege læraren Eckhart Tolle har popularisert. Han siterer like gjerne Jesus som Buddha. Bodskapen er at ein ved å fokusere på kjenslene i kroppen, kan sleppe fri frå den tvangsmessige tankestraumen som hindrar oss i å vere fullt og heilt til stades i noet. Målet er å bli «opplyst».

Eit anna sentralt omgrep er aksept, og det kling i bakgrunnen når Vistveen igjen får ordet i siste spor på albumet, «Orð Hjartans». Ordet ho finn i hjartet, er: «YES to everything».

susanne sundfør

Kjærleik i mange former

Sundfør har sagt i intervju med Klassekampen at ho er åndeleg søkjande, men at ho også ser blomí som eit politisk og feministisk album. Det åndelege aspektet er tydeleg, men det politiske er ikkje er like enkelt å sjå. Tekstane er mindre ambisiøse enn tidlegare, korte strofer blir gjentekne mange gongar. Til gjengjeld er innhaldet oppløftande, og til saman viser songane oss kjærleik i mange former.

«Alyosha» er ein nydeleg kjærleikssong til ektemannen, og musikkvideoen er rett og slett filma i bryllaupet mellom Sundfør og jazzmusikar André Roligheten. Tittelen viser til den unge mannen som representerer vilkårslaus kjærleik i Dostojevskis roman Brødrene Karamazow.

I låten «Fare thee well» har Sundfør også tatt med eit kjærleg takk og farvel til det eg reknar med er ein tidlegare partnar, og det sjølv om teksten refererer til både «lies» og «bitterness». Eg trur det er ein song om aksept. Kan det vere at Sundfør ser på ei livsbejaande haldning som politisk i seg sjølv?

Så erotisk er det lenge sidan landbruk har vore her til lands!

—  Merete Røsvik

Det er ein tanke å ta med seg vidare til «Ashera’s song».

Ashera er ei semittisk fruktbarheits- og morgudinne. Ho er ofte omtala i Det gamle testamentet, men for det meste når «Asjera-pålar» skal rivast i kampen mot avguderiet.

Sundfør rører seg altså tilbake til førkristen tid når ho syng: «Holy holy holy/the first mother».

Den tydelegaste referansen til nytestamentet på plata, finn eg i «Leikara Ljóð», ei låt der Sundfør ser ut til å påkalle guddomen. Formuleringa «I may be walkin on water» fører tankane til Peter som fekk gå på vatnet med Jesus, men interessant nok er det også ein del av mytologien rundt gudinna Ashera at ho gjekk på vatnet. Er ho ein kvinneleg frelsar?

Linja «She will set them free», peikar i alle fall mot den kvinnelege guddomen som ei frigjerande kraft. Kva slags kraft er det?

Natur og erotikk

Det finn eg meir om i «Ṣānnu Yārru Lī», som er Sundførs «tribute» til bestefaren, teolog og lingvist Kjell Aartun. At Sundfør har gitt dei fleste songane på albumet norrøne titlar, er eit nikk til bestefarens forsking på runer og andre oldtidsspråk.

Men «Ṣānnu Yārru Lī» skil seg ut. Eg trur tittelen er på eit semittisk språk, truleg minoisk. Låtteksten er tysk og består av element frå ei omsetjing gjort av bestefar Aartun.

På messande vis gjentek songaren at ho væter åkerlandet og ventar på at plogen skal bryte opp jorda, så koplinga er tydeleg til fruktbarheitskulten som gudinna Ashera representerer. Akkompagnementet av perkusjon og luftige fløyter gir det heile eit ganske så kultisk inntrykk – så erotisk er det lenge sidan landbruk har vore her til lands!

Krafta rundt oss

Sundfør har vist eit tydeleg miljøengasjement både i tidlegare songtekstar og i intervju. Når ho i blomí spreier ein bodskap om kjærleik og livskraft som spring ut av at ånd, kropp og natur er eitt, er det ei oppmoding om å ta vare på naturen.

Samtidig koplar artisten kunstnarleg skaparkraft til den skapande krafta som finst overalt rundt oss i naturen – ei form for åndelegheit som tradisjonelt har blitt forstått som feminin.

Å velje håpet og kjærleiken er i seg sjølv eit politisk val når samfunnsutviklinga går mot det verre på mange område. Det blir veldig tydeleg når ein ser på dei som vel det motsette, som lagar skilje mellom oss og dei og rettar frustrasjonen utover.

Ja, visst er det enklare å velje tru, håp og kjærleik når livet smiler på privaten. Heldigvis har Sundfør evna til å dele kjærleiken vidare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser