Anmeldelser

Thorvald Steens poetiske krigar-comeback når ikkje heilt opp

Thorvald Steen tek opp att den poetiske tråden frå 1992. Mykje er godt i Kveita, men forfattaren lukkast ikkje heilt med samanstillingane sine.

Det er snart førti år sidan Thorvald Steen debuterte som forfattar med Hemmeligstemplede roser (1983). Denne og dei neste bøkene hans var diktsamlingar, der Ilden (1992) markerte eit gjennombrot. Samtidig forlét Steen poesien som hovudsjanger og har i mange år utmerkt seg som romanforfattar med både personleg og historisk stoff. Det er difor både overraskande og samtidig naturleg at Steen no er aktuell med nye dikt, snart tretti år sidan førre diktsamling – attpåtil i ei diktsamling som kombinerer erfaringsmateriale knytt til eigen kropp og historisk stoff om den svenske krigarkongen Karl XII.

Muskelsjukdom

La oss først seie litt meir om kroppen, for når vi snakkar om Thorvald Steen er det vanskeleg å komme heilt utanom den kroniske muskelsjukdommen han har hatt sidan ungdommen. I den fine romanen Vekten av snøkrystaller (2006) brukte Steen desse erfaringane på ein fruktbar måte, noko han har gjort også i fleire seinare bøkar.

---

Bok: Poesi

Thorvald Steen

Kveita

Oktober 2021

Kveita

---

I den nye diktsamlinga, Kveita, er sjukdommen ein sentral tråd. Muskelsjukdommen har no komme så langt at eg-et truleg ikkje kan reise seg på bein lenger. Dette er ein fase som han alltid har stritta imot, noko han framleis gjer: «Jeg kan ikke forsone meg meg / at jeg kan ha stått / for siste gang» (s. 62). På grunn av eit farleg fall har eg-et fått beskjed frå legen om ikkje å reise seg på to bein igjen. Lyrikaren Steen, som entra den litterære verda nettopp med verselinja «Jeg står på to bein» i debutsamlinga si, skildra den kroppslege erfaringa av sviktande muskelkraft også i Ilden. Der, som i den nye diktsamlinga, tematiserer han «fallet». Slik sett kan ein neste seie at Steen tar opp den poetiske tråden der han sleppte han for snart tretti år sidan. Det er konsistent.

Historiefagleg research

Dramatikken i muskelsjukdommen er samtidig endå høgare no enn tidlegare. «Jeg opp!», uttrykker eg-et og minner oss det svært sterke behovet mennesket har for å reise seg. For dei fleste er det ein sjølvsagt ting, som gjer at vi gløymer kor fantastisk det er. For andre er det noko uoppnåeleg, og for mange også noko det er mogleg å leve godt med. «Rullestolen er trona mi», som NRK-programleiaren Sally Kamara sa i eit intervju med underteikna for nokre månader sidan.

Ein neste seie at Steen tar opp den poetiske tråden der han sleppte han for snart tretti år sidan. Det er konsistent.

—  Alf Kjetil Walgermo

I Steens diktsamling har den sjølvbiografiske eg-personen gitt rullestolen namnet Sleipner. Slik eg-et skrir fram i sin Sleipner, stig Karl XII til hest på slagmarka med skadd fot. Det historiske stoffet om Sveriges konge frå 1697 til 1718 interesserer eg-et mens han ligg inne på Sunnaas sjukehus på Nesodden. Det står spesifisert i eit av dikta at han i dei seinaste har lese fleire bøker om Karl XIIs liv, noko som skulle samanfalle bra med delar av litteraturlista lengst bak i boka – dette er ei diktsamling som i utstrekt grad er bygd på historiefagleg research.

Skam og stridslyst

Mykje av det er interessant også for oss, iallfall for meg som har store hol i kunnskapen om denne delen av Sveriges (og etter kvart Norges!) historie. I den svenske krigarkongen les eg-et inn fleire parallellar til sitt eige liv, også når det kjem til tematikkar som skam og stridslyst. For Karl XII, med døypenamnet Carolus, var det jakta på landområde som førte han inn i striden. For Steens eg-person handlar striden om kampen mot muskelsjukdommen. Ingen av dei vil gi seg: «Vi vet ikke hvordan vi skal slutte å slåss, Carolus» (s. 61).

Karl XII

Karl XII invaderte Noreg med hæren sin i 1716 og mislukkast med å ta Kristiania. Tenk om han hadde klart det! Korleis hadde historia vår sett ut då? Svenskekongen blei deretter skoten på eit nytt erobringsforsøk i Halden i 1718. Krigshissing mot Noreg fører sjeldan med seg noko godt, får vi vel seie.

Underleg lagnadsfellesskap

Spørsmålet er likevel om samanstillinga av eigne kroppslege erfaringa og det historiske stoffet om Karl XII fører med seg noko godt. Her må eg innrømme at eg er litt i tvil. Samanstillingane verkar ein smule forserte, sprungne ut av Steens forsøk på å lage ein meiningsfull kopling av personeleg og historisk stoff. Lagnadsfellesskapen med Karl XII verkar ein smule underleg: «Hva er det som / får ham til å reise seg / ved skyttergraven, / til å presse seg / til å stå oppreist / når bein og kropp / ikke makter det?» (s. 105) Det medfører også at dikta – eller diktet, for boka har undertittelen «et dikt» ­– ikkje så ofte som forventa glimrar med meiningsfylde og pregnans.

Steens poetiske comeback kan ikkje kallast ein fulltreffar.

—  Alf Kjetil Walgermo

Ingen fulltreffar

Steens poetiske comeback kan altså ikkje kallast ein fulltreffar, verken i biletbruk og eller i form – til det er stilen for konvensjonell. Men kvalitetar finst det her. Det beste i Kveita er det emosjonelle stoffet, dei eksistensielle erfaringane av å miste ei vesentleg side av seg sjølv, å kjempe for tilværet med nebb og klør. «Å falle er å øve seg på å dø», heiter det ein stad. I slike passasjar løftar teksten seg og vi andre blir rivne med i det eksistensielle svevet.

Kveita er ei fin bok, men ikkje eit høgdepunkt i Steens svært solide forfattarskap.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser