Anmeldelser

Vev eigen kreftsjukdom saman med kvinnelagnader i Bibelen

Kirsti Hole skriv lyrikk i skjeringspunktet mellom detaljerte skildringar frå ei aggressiv krefthistorie og trusvedkjenning.

Forteljinga om Jesu helbreding av synagogeforstandaren Jairus´ dotter er ei av fleire mirakelgjerningar vi les om i dei synoptiske evangelia. Denne helbredinga skjer like etter at han har reinsa ureine ånder ut av ein mann i Gerasenar-landet: Jesus driv dei ut av han og inn i ein svineflokk på to tusen grisar som set utfor eit stup og druknar i sjøen.

Både skildringane om korleis Jesus helbreda ein mann som i dag kanskje hadde fått diagnosen schizofreni, og korleis han etterpå helbreder både Jairus’ dotter og før henne ei kvinne med ustoppelege blødningar, tilhøyrer dei mest bevegande episodane i ei bok som er fylt til randen av store og utfordrande forteljingar.

Poeten og Jairus´ dotter

Utgangspunktet for at eg byrja nylesa desse heilage tekstane, er at eg sit med den nye diktsamlinga til Kirsti Hole, dit du følger meg, og denne samlinga er ramma inn med ein prolog og ein epilog om Jairus´ dotter. I evangelieforeljingane er det etablert eit ekstra samband mellom dei to kvinnene gjennom talet 12. Kvinna har hatt blødningar i tolv år, den unge jenta er 12 år, alder for puberteten med blødningar. Her må ein helst vera poet for å sjå forteljinga bak forteljinga.

---

Bok: Poesi

Kirsti Hole

dit du følger meg

Efrem forlag 2021

dit du følger meg

---

Samanbindande

Men Kirsti Holes eiga sjukdomshistorie, som ho altså rammar inn med den bibelske forteljinga om ungjenta, er òg ein slik tråd der hennar alvorlege krefthistorie vert sett inn i dei kvinnelagnadene som er samanvovne etter at synagogeforstandaren kastar seg for føtene på Jesus med bøn om at dotter hans får leva. Det samanbindande elementet er trua på Jesu helbredande kraft.

Eg skriv om ei bok som gjer sterkt inntrykk på meg.

—  Knut Ødegård

Sjukdomens herjingar

Diktsamlinga fortel om den fortvilinga og myrkret Kirsti Hole møter då ho vert råka av aggressiv lymfekreft. I fleire av dikta skildrar ho detaljert korleis sjukdomen herjar med kroppen, og med sjelelivet, og korleis «cellegiften bruker knyttneven» mot lymfomet «og treffer meg også/ i samme slaget». Så fylgjer stamcellebehandling og ny cellegiftkur, det heile skildra med medisinsk presisjon. Som poesi er nok desse direkte skildringane dei sterkaste i samlinga, dei går rett på, likeins når ho utleverer biletet av seg sjølv i behandlingsfasen: «Når hovenheten i beina er borte/ stiller jeg meg på vekta/ 46 kilo viser den/ Jeg snur meg vekk/ fra speilet/ uten øyenbryn, uten hår/ og uten øyenvipper til å bremse tårer/ og blunke bort/ smårusk med.»

Kirsti Hole

Gode dikt?

Eg skriv om ei bok som gjer sterkt inntrykk på meg. Det er ei blanding av djerv sjølvutlevering og trusvedkjenning. Men er det også gode dikt, som litteratur, som kunst? Stundom kjem slike spørsmål, som når eg les desse dikta. Det finst ingen målestokk for kunst, det einaste eg har lært å lita på, er om diktet røyver ved noko i meg og om det «tvingar» meg til å sjå/innsjå noko eg anten ikkje har sett før, har gløymt eller freistar unngå med blikket.

Det er ikkje kvardagskost å sameina lyrisk realisme frå livstrugande sjukdom med from fasthalding av bøn.

—  Knut Ødegård

Og det er ikkje kvardagskost å sameina lyrisk realisme frå livstrugande sjukdom med from fasthalding av bøn, og ei liknande tru som den vi møter i evangelieforteljingane om dei mentalt og fysisk sjuke som vender seg til Jesus med si liding og fortviling.

«keitete i rommet»

Det er strofer, mange strofer, i denne diktsamlinga som ikkje har eigenvekt nok til å stå for eit kritisk blikk, men i den samanhengen dei står i får dei likevel verdi i ei avbalansering mot det klinisk konsise og «råe» der sjukdomen og behandlinga vert skildra. Så, ja: Eg trur dette er gode dikt – likevel. Som då ho skriv om det låge immunforsvaret som «stiller seg imellom» henne og døtrene som er på besøk i hennar cellegiftperiode:

.....

men kjærligheten blir hengende

keitete i rommet

.....

Regnbogen

Og så ender samlinga som ho byrja med at ho identifiserer seg med Jairus´ dotter, dei står begge opp til livet att – i takk til Han som er lyset når dødsmyrkret ligg over oss:

.....

Jeg var død,

og i døden var Han

lyset som åpner døra,

vannet som lindrer og fyller,

brødet som gir liv

og fargene som regnbuen

bærer inn

i evigheten

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser