Anmeldelser

Jón Arason avlyste reformasjonen og tok luthersk biskop til fange før han sjølv vart avretta med øks

Islands sentralbanksjef har skrive ei lærd bok om den dramatiske kampen.

Når sentralbanksjefen skriv bok, kan ein gå ut frå at det har noko med landets økonomi å gjera. Kanskje om renteutvikling, kroneverdi og korleis økonomien best kan losast gjennom koronakrisen.

Island er ikkje som andre land, heller ikkje når det gjeld sentralbanksjef Ásgeir Jónssons bok. I fjor gav han ut Uppreisn Jóns Arasonar (Jón Arasons opprør).

---

Ásgeir Jónsson

Bok: Sakprosa/historie

Ásgeir Jónsson

Uppreisn Jóns Arasonar

Almenna bókafélagi 2020

---

Dødshogga 1550

Og då går han fem hundre år attende i tid, til reformasjonsårhundret og til biskopen som vart avretta med sju øksehogg ved Skálholt domkyrkje den 7. november 1550.

Danskekongens bøddel tok seg nokre slurkar brennevin før han først hogg hovudet av bispesonen Ari, deretter bror hans Björn, medan faren måtte sjå på. Før biskop Jón Arason sjølv fekk dødshogga, sa han fram Kristi ord på krossen: In manus tuas Domine (I dine hender, Herre).

Jón Arason

Siste biskopen

Det er ei bok som knyter seg til norsk kyrkjehistorie ved at Jón Arason var den siste biskopen i den norske kyrkjeprovinsen, som Island tilhøyrde. Vi skriv ofte at katolisismen hos oss vart avskaffa med reformasjonen i 1537. Men på Island var ikkje kampen over før 13 år seinare.

Kring historia om biskop Jón av Hólars djerve trusforsvar teiknar Jónsson ein vev av politiske og økonomiske interesser, hendingar og intrigar.

—  Knut Ødegård

Om dette tyder at provincia Nidrosiensis framleis eksisterte, er eit innfløkt kyrkjerettsleg spørsmål. Men Ásgeir Jónsson skriv at i brev av 21. april 1548 tok biskop Jón ­– som var vigd av erkebiskop Olav Engelbregtsson i Nidaros – seg erkebiskopeleg vald over Island.

Økonomens vinkling

Det er interessant å lesa denne delen av reformasjonshistoria sett gjennom augo til ein økonom som tidlegare mellom anna har studert det økonomiske systemet på Island i perioden 1400-1600, vore professor med fag som bank og finans, sjef for Islands største bank og no altså sentralbanksjef. Han forklarar sider ved reformasjonen som er vanskeleg å gripa om ein held seg til studie av skilnadene mellom høgmellomaldersk katolisisme og lutherdomen.

Det har vore skrive mykje om ein reformasjon utan folkeleg forankring, om kupp frå danskekongen for å ta for seg av eigedomar og verdisaker. Mangt er likt med hendingane i Noreg. Men den vinklinga som Ásgeir Jónsson legg på reformasjonsårhundret, syner òg tydelege skilnader mellom kyrkjeprovinsens hovudland og øylandet vest i havet.

Mektige biskopar

Island hadde fylgt Noreg inn i Kalmarunionen og dermed inn i det komande danskeveldet. Men i praksis var landet styrt av tyske kjøpmenn. Fleire nasjonar dreiv fiske, fangst og handel der utan at Danmark kunne hamla opp med skipskapasitet og økonomi. København var ein liten og fjern by. Slik var situasjonen heilt fram til 1540-talet.

Jón kjem ridande med ein væpna hær av nordlendingar for å gjenerobra Skáholt for den katolske kyrkja.

—  Knut Ødegård

Det var to bispesete på Island, Hólar i nord og Skálholt i sør. Biskopane var mektige menn som rådde over store jordegods og heldt seg med væpna menn. Jón Arason var biskop av Hólar. Han var fattigguten som med jernvilje, lærdomsiver, sjarm og sosial intelligens vart ein av landets mektigste hovdingar. Han var òg si tids mest folkekjære poet, dertil festmenneske og glad dansar.

Blanda motiv

Det er liten grunn til å tvila på at biskopens kamp mot danskekongen var eit forsvar for den katolske kyrkja – men og eit ledd i ein kamp om makt og eigedomar. Like liten grunn er det til å tvila på at kong Christian III ynskte å innføra den rette lutherske tru – men og eit ledd i å finansiera eit djupt utarma og pengetrengande Danmark. Det er tydeleg nok blanda motiv hos båe. Her får vi god hjelp av fagøkonomen til å sjå iallfall ein del av dei store linene i den innfløkte politiske, religiøse og økonomiske situasjonen i ein periode der store delar av Europa er i omvelting.

Reformasjonen avlyst

Historia spissar seg til på slutten av 1540-talet og ender i blodbadet 1550. Landet var då delt i eit luthersk sør og katolsk nord etter at Alltinget ni år før hadde vedteke at Skálholt var luthersk. Tinget var då kringsett av væpna tyskarar innleigde av danskekongen. Kongen slår seg til ro med situasjonen i sju år inntil Jón i 1548 gjer opprør mot kongsmakt og lutherdom: Han kjem ridande med ein væpna hær av nordlendingar for å gjenerobra Skáholt for den katolske kyrkja, men møter for sterk motstand. Så, i 1549, arresterer han den lutherske biskopen. Året etter gjer han nytt åtak på Skálholt, får lagt bispesetet under seg, får gjenvigd domkyrkja til katolsk gudshus – og han får vedteke på Alltinget at landet atter er katolsk. Reformasjonen er avlyst på Island.

Var biskop Jón Arason martyr eller maktmenneske?

—  Knut Ødegård

Det ender same år med at biskop Jón fell for den utanlandske overmakta, med øksehogg og hovudet skilt frå kroppen.

Politisk og økonomisk

Kring historia om biskop Jón av Hólars uthaldande og djerve trusforsvar teiknar Ásgeir Jónsson ein vev av politiske og økonomiske interesser, hendingar og intrigar. Island vert lagt inn under København by, men det lutherske Hamburg er framleis den sterkaste utanlandske makta i landet. Innanlands er det stor strid om eigedomar, der biskop Jón er aktør. Og han vart ikkje dødsdømd for si tru, men for ulydnad mot kongen og for freistnad på å riva Island laus frå dansk kongsmakt. Kor omfattande kontakt han hadde med utlandet desse åra, er vanskeleg å fastslå, men det finst eit brev frå paven frå 1549 med oppmoding om å halda bispedømet katolsk. Det er òg truleg at han hadde kontakt med Tysklands keiser Karl V, som var den mektigste forsvarar av katolsk tru i Europa.

Ásgeir Jónsson

Folkemålet

Denne siste katolske biskopen i vår reformasjonstid var ikkje usamd i alt som Luther stod for. Dei hadde felles interesse i å la folket få bruka sitt eige mål. Biskop Jón vart jamvel av sine lutherske etterfølgjarar skulda for å vera dårleg i latin! Derimot var han ein meister i eige tungemål. Han fekk sendt det første trykkeriet til Island, og let prenta bøker på Hólar. Desse bøkene finst det ingen eksemplar av lenger, men særleg ein av boktitlane peikar mot at han gav ut bibelske skrifter på folkemålet. Og det var den katolske biskopens prenteverk som produserte den første heilslege bibelen på islandsk – utgjeven av biskop Guðbrandur Þorláksson i 1584. Og med det, meiner mange, vart islandsk språk berga frå den øydelegginga som råka norsk språk.

Martyr?

Var biskop Jón Arason martyr eller maktmenneske? Svaret er truleg: begge delar. Martyr er han ikkje i kyrkjeleg forstand – enno –, trass i freistnader på å sanna slik «status». Ein av dei mest pittoreske freistnadene fann stad i 1674 då den lutherske Hólar-biskopen, Jón Vigfússon, gjekk ut i stormvêret med ein brennande lysestake: Teiknet på at Jón var martyr, skulle vera om stormen ikkje kunne sløkkja lyset.

Lyset sløktest ikkje, det loga i stormen og regnet.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser