Bøker

Bokmelding: Storarta roman fører oss til eit Island der folket er plaga av hunger og epidemiar

Bergsveinn Birgisson har skrive ein storarta roman om verkelege og oppdikta hendingar på Island etter det store vulkanutbrotet 1783 og uåra som fylgde. Meisterleg skildring av menneske, natur - og det overnaturlege.

Eg har i mi femtiårige tid som kritikar lese mange gode bøker, nokre av dei svært gode. Eg har vore imponert over skrivekunst, over kunnskap, over djervskap, over nye bilete, nytt innsyn.

Men så er det desse sjeldne stunder då du sit med ei bok som løfter deg inn i den fortryllande verda der det ikkje lenger er tale om å skriva godt eller interessant eller lærerikt – men om å bli dregen inn i denne forvandlande krafta som finst hjå dei store meistrane.

Slik opplevde eg det då eg las islandske Bergsveinn Birigissons roman Lifandilífslækur (Levandelivsbekk) og slik opplever eg det framleis når eg les Oskar Vistdals omsetjing som av ein eller annan grunn har fått tittelen Reisen til livsvannet.

Vulkanutbrotet 1783

Den historiske tid for dei gruelege hendingane i romanen er slutten av 1700-talet og staden er Island som i 1783 vert råka av eit vulkanutbrot som trugar med å øydeleggja livsgrunnlaget for folket på øya. Dette var av dei verste vulkanutbrot på jorda i dei siste årtusenar: Øyar steig opp av havet, eld frå jordas indre skaut ut av isbreane, lava strøymde ut av ein 25 kilometer lang sprekk sør for Vatnajökull. Det la seg lava over 580 kvadratkilometer av landet. Giftig oske spreidde seg over heile Island og vulkansk tåke la seg på himmelen. Med det fylgde kulde og naudår. Oskeskyene førdest så langt aust som til Sibir, og i det sentrale Europa vart avlingar øydelagde av giftig luft.

Øydelagt

Det er til eit Island der folk har døydd i tusental, der avlingane er elendige, husdyra daude eller utmagra og folket plaga av hunger og epidemiar romanen fører oss. Ei truverdig og skakande skildring finn vi i biskop Hannes Finnssons Mannfækkun af hallærum (Avfolking av uår), han tok over som biskop i Skálholt i 1785 etter far sin. Den gamle domkyrkja i Skálholt rasa saman i jordskjelva som fylgde vulkanutbrota slik òg ei rekkje gardsbruk vart øydelagde av jordskjelv eller steinras frå fjellsidene.

Det er til dette så godt som øydelagde landet underlagt den eineveldige kongen i København, at romanens hovudperson Magnus Aurelius Egede vert sendt av det mektige Rentekammeret. Hans oppdrag er å vera landmålar, utstyrt for med den tids mest avanserte reiskap å teikna eit nøyaktig bilete av landets geografi. Han skal dessutan skildra dei sosiale, kulturelle og økonomiske tilhøva i landet. Grunnen til dette er ikkje berre mangel på opplysning og skikkelege kart, men det faktum at det så godt som er avgjort av den danske kongsmakta at alle arbeidsføre islendingar skal flyttast til Danmark eller Finnmark. For å kunne gjennomføra det, trengs grundige opplysningar om land og folk.

Men biskop Hannes Finnsson ender si samtidsskildring med at "Island opplever ofte uår, men ikkje noko europeisk land er så raskt til å auka innbyggjartal og buskap som det, og det er ikkje umogeleg å bu i det."

Eventyrleg spel

Dette er bakteppet. Så set vår diktar Bergsveinn Birgisson i gang eit eventyrleg spel gjennom romansidene der rå realisme, historiske fakta og tilsynelatande fakta, menneskeleg liding, draum, fabulering og overnaturlege fenomen spelar både mot og med kvarandre.

Eg skal ikkje her gjenfortelja handlinga. Dette er ei bok som kvar einaste boklesar i Noreg må lesa sjølv. Lesaren vil ikkje bli den same etterpå, slik hovudpersonen Magnus Aurelius heller ikkje vart den same etter si reise gjennom det øyde og øydelagde landet der ikkje berre naturen er livstrugande – men der òg det overnaturlege trengjer seg på den rasjonelt tenkjande vitskapsmannen.

Huldufólk og avlidne

Trua på at det finst huldufólk er framleis levande hjå mange islendingar. Det er alvar eller vesen som lever i ei slags parallell verd til vår eiga og som kan gjera seg synlege når dei vil. I romanen er det uklåre overgangar mellom den synlege og usynlege verda, vår landoppmålar Magnus møter avlidne menneske som kjem til syne for han og etter kvart forstår han deira historier om overgrep og sosial urett. Gjennom dei, og gjennom bøndene og husmennene han møter på reisa, byrjar han sjå dette landet med andre augo enn den rasjonelle vitskapsmannen på oppdrag for ei kolonimakt. Han innser at det oppdraget han er ute på «var liksom den siste pesten som ville legge alt øde langs disse strendene.»

Livsens vatn

Og så er det livsens vatn, det helbredande frå levandelivsbekken. Det strir mot all hans lærdom og mot den opplysingstidas rasjonalisme han skulle vera ein representant for. Men han møter den utenkelege kjærleiken og den utenkelege lækjande naturkrafta då han sjølv er både forkomen og nærare dauden enn livet. Det er den mest overjordiske Sesselja, den stumme kvinna som fører han vatnet frå denne levandelivsbekken. Og i denne tida då han sviv mellom liv og daude lærer han seg medkjensle med dei arme skuggevesena som kjem til han frå sitt usynlege tilvære og syner han dei lidingar dei måtte tola i livet.

Vår eiga tid

Og kva meir? Mykje, mykje meir. Og når Bergsveinn Birgisson mot slutten av boka fabulerer med tilsynelatande fakta om korleis Island vart avfolka og utanlandsk storfinans overtek med smelteverk, oljeraffineri, ferrosilisium-, aluminiumoksid- og svovelfabrikkar og oppdemminar på høglandet som gjev kjempestore elverk, er han over i tydeleggjering av det som heile tida ligg som ein understraum i romanen: Forsvar for dette folket som har karra seg fast på si øy, som er heime her, og som er berarar av ein kultur som andre har gløymt. Slik fører forfattaren den gruelege historia frå slutten av 1700-talet over til vår eiga tid og til dei kapitalkreftene som trugar folket i dag.

Sesselja

Kvinna som gjev Magnus livsens vatn heiter Sesselja, med namn etter Sta. Cecilia av Roma, martyren som er vernehelgen for musikarar og diktarar. Og om det vatnet Sesselja hentar og Magnus vert helbreda med, heiter det at «Den som drikker av dette vannet (...) han kan ikke dø – såfremt han tror.» Så her er det òg undertonar av den katolske tru som aldri heilt miste grepet om folk på Island.

Ja, dette er eit stort diktverk, så heilt annleis og rikare enn desse historiske romanane som strøymer ut over oss i dagens litteratur. Og med eit suverent foreljargrep der Bergsveinn Birgisson røyver seg elegant mellom ulike vinklar og mellom fakta og draum og dikt. Men dette hadde ikkje den norske lesaren fått del i utan den fine innstasen frå omsetjar Oskar Vistdal. Om denne er det berre godt å seia, Vistdal er i fremste rad blant omsetjarar frå islandsk, eit språk han kan. Det er ikkje innvending mot boka slik ho no ligg føre når eg tenkjer med meg sjølv at det hadde vore betre om omsetjinga var til nynorsk, og med skrivemåte av namn som tilsvarar romanens språkbrukarar. Då kunne ein få endå tydelegare fram det språklege spelet mellom det danske lærdoms- og administrasjonsspråket på den eine sida og det islandske på den andre.

LES OGSÅ:

Erling Rimehaug anmelder: – En bok du enten kaster fra deg i frustrasjon eller suges inn i. Jeg endte i siste kategori

Intervju: Svenske Nina Wähä skriver som en gammel, russisk gubbe og tror ikke helt lykkelige familier finnes

---

Roman

  • Reisen til livsvannet
  • Bergsveinn Birgisson
  • Omsett av Oskar Vistdal
  • Vigmostad & Bjørke

---

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker