Anmeldelser

Kristin Berget skriv avanserte dikt om den tynne hinna mellom liv og død

BOKMELDING: Poesi utan tydelege retningar eller bodskap, men med spor etter klimakatastrofe og utryddingstruga livsformer.

Eg las Kristin Bergets nye diktsamling som eit ganske melankolsk, men like fullt opprørande uttrykk for ei verd i oppløysing og utsletting. Men ved andre gongs lesing vart det ikkje så enkelt likevel, for det er ingen konklusjonar å finna her, ingen tydelege retningar anna enn dette å stå i ein sår prosess der hinna mellom liv og død er tynn og naturen rotnar bort. Men dette er heller ikkje så klårt, for samstundes les vi om forvandlingsprosessar, vi støyter på ordet «metamorfose» som vel kan tolkast som ei endring, forvandling til nytt, i religiøs forstand kan det vera oppstode frå det døde, i naturen det velkjende om setjepoteten eller frøet.

Biletspor

Noko går under og vert borte, «fukten trekker sorgen inn/ vi synger formørkelsen sammen». Liv bukkar under, namn vert borte. Men ikkje heilt, for ho nemner sjølv artar som ein gong var, og geirfuglen finst framleis som namn også i denne diktsamlinga sjølv om denne største av alkefuglane vart utrydda tidleg på 1850-talet: «så blåser en formørkende ensomhet/ opp i hver og en av oss/ så viskes navnene ut her/ herleiv eller geirfugl».

Diktboka er upaginert og sparsam med overskrifter, men på siste side i fyrste bolken les vi at «kroppen dør» og at fråveret av kroppen vert tydeleg, «så forsvinner navnet// fra jorden.»

Det er fascinerande å gå etter så tydelege biletspor og avleiringar av ord for så å bli tvungen til ein refleksjon over mogeleg veg og hendingar.

—  Knut Ødegård

Tydeleg er denne diktsamlinga ikkje, derimot er bileta tydelege: Det er fascinerande å gå etter så tydelege biletspor og avleiringar av ord for så å bli tvungen til ein refleksjon over mogeleg veg og hendingar.

---

Berget

Bok: Poesi

Kristin Berget

våre sår i hogstflaten

rense overgi blanke trær

blomstre opp i dødsraten

hvisk navnet

ut her

Cappelen Damm 2021

---

Nedbryting

Eg skal vedgå at eg oftare enn éin gong under lesinga har tenkt som så at no får ho koma då, med det ho har på hjarta, om det er noko som står på spel og som må seiast. Men det er ikkje råd å få klårare meldingar enn at her finst spor av nedbryting, av prosessar, at noko er truga og noko vert borte. Eg skal utan blygsel vedgå at somt vert ståande som uløyste gåter og rebusar for meg både etter fyrste, andre og tredje gongs lesing. Men det er ofte vakre bilete, ofte skremmande bilete, sjølv om dei (for denne lesaren) ikkje alltid får retning.

Eg skal utan blygsel vedgå at somt vert ståande som uløyste gåter og rebusar for meg.

—  Knut Ødegård

Stundom vert klang-elementa medvite overdrivne, som til dømes alliterasjonen her: «mens leden lider langsomt/ lider langsomt hjemve/mens dype tid fossil som nekter/ også barnet senkes ned». I somme strofer innfører ho enderim. I desse språk-avtrykka finn ein ei lang rad tilvisingar til religiøse omgrep, stundom med ein vri på velkjende formuleringar, til dømes «Må et rike komme».

Klima og redsel

Den sterkaste avdelinga er «Portrett I-V», fem fortetta prosalyriske biletkoplingar der liv og død skrapar mot kvarandre, historie mot samtid og framtid. «du kan ikke rase mot døden», heiter det ein stad her. Vi les om ei reise, ei kiste som vert bore fram, eit barn og ein gråt, og om «lyden fra kirkeklokkene eller sjofarhornet eller bønneropet ...». Det er «en skarp lukt fra den syke kroppen» og denne vert stilt opp mot «en akutt omsorg for klimaet og redsel ...» I det siste av desse portretta les vi om «bønnesjal» og «røkelseskar» og om «lysets retning idet vi kommer ut i dagen oppstemte med en følelse av gud». Og heilt til slutt: «vi må stole på ritualet nå ...».

Med-dikting

Å lesa ei religiøs retning inn i denne diktsamlinga, er det heller ikkje tydelege nok samanhengar til å gjera, dei «religiøse» elementa går inn blant dei mange avtrykka som set med-diktinga i gang hos lesaren. Og det er vel nettopp dette, at diktet er språk, vi blir minna om, og at språket (Ord i Digt, som Wergeland skriv om i Sandhedens Armée) kveikjer syn og tanke – om poeten maktar sin kunst å setja saman ord og bilete slik at diktet blir drivkraft til innsyn og nysyn.

I somme av desse tekstane opplever eg nettopp det, at ein prosess blir sett i gang i meg til å sjå på nytt vis, medan andre tekstar forblir stengde for denne lesaren.

Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser