Wuhan 1912: då norske misjonærar gjekk med i revolusjonen

For norske misjonærar i det før-kommunistiske Kina, var corona-virusets Wuhan ein viktig by. Han var porten inn til det område i det sørlege, indre Kina der dei etablerte arbeidet sitt frå 1890-åra og utover.

Publisert Sist oppdatert

Dei reiste opp mektige Yangtze frå Shanghai, ei båtreise som kunne ta fjorten dagar opp til Hankow, der sideelva Han munna ut i Yangtze. Så gjekk ferda vidare opp Han-floden til Laohokow, der Kinamisjonen ( no NLM) etter kvart fekk sitt hovudsenter.

Hankow var ein av tre byar som utgjer dagens Wuhan. Bynamnet «Wuhan» er ein konstruksjon, samansett av namnet på dei tre opphavlege byane Wuchang, Hankow og Hanyang. Hankow og Hanyang låg på kvar si side av Han-munningen, og midt imot, på den søraustlege breidda av Yangtze låg Wuchang, den eldste av dei tre byane. Dei tre byane, samanslåtte til dagens Wuhan (med 12 millionar inn-byggarar), utgjer eit politisk og økonomisk tyngdepunkt i det sørlege Kina, i dag som den gongen. Og staden var ikkje berre ein port til dei norske misjonærane sitt misjonsfelt. Han skulle bli åstaden for dei mest dramatiske hendingane i deira misjonærliv, under dei politiske omveltningane som skjedde i Kina frå hausten 1911. Det er ei interessant historie, som kan takast fram no når verdas auge er retta mot denne byen. Dagboka til misjonær P. S. Eikrem (1876-1956) gjev eit levande innblikk i hendingane i Wuhan den gongen.

Som Wuhan i dag er corona-epidemiens episenter, var Hankow, Hanyang og Wuchang frå oktober 1911 hovudarena for den borgarlege revolusjonen i Kina. I dei dramatiske månadane frå 10. oktober 1911, til republikken vart proklamert på nyåret i 1912, og endeleg etablert eit par månader seinare, vart Kinas historie radikalt forandra. Etter to tusen år under ulike keisarlege dynasti, var keisartida no over. Og i denne lagnadstimen for Kina kom også norske misjonærar, saman med andre misjonærar frå Amerika og Europa, til å spele ei rolle, ikkje politisk, men humanitært. I borgarkrigen som utvikla seg i desse månadane utførde misjonærane eit stort arbeid for å hjelpe såra soldatar og avhjelpe nauda for dei sivile. Og det var i området kring dagens Wuhan dramaet utspela seg.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP