Vårt Land, er det ikkje rett å vere sannferdig?
GRUNNRENTESKATT: Ein av føresetnadane for at det skal gå godt i havbruket er at det lukkast i første leddet.
HAVBRUK: I mange samfunn langs kysten er havbruk eit vere eller ikkje vere. Det er navet som bind saman og skaper rettmessig, slik Vårt Land skriv, enorme ringverknader, skriv Øyvind André Haram i Sjømat Norge.
Gorm Kallestad
Som lesar av Vårt Land sidan eg byrja å interessere meg for nyhende på barneskulen, har eg lært ein ting. Å seie sanninga er ofte det beste. I dag opna eg mi trufaste avis på frukostbordet og får slengt i andletet at arbeidet eg gjer er «ureieleg og uverdig». Då kan eg ikkje anna enn å ta pennen fatt.
Eg har vore interessert i sjømat og særleg havbruk i meir enn 20 år. I mange samfunn langs kysten er det eit vere eller ikkje vere. Det er navet som bind saman og skaper rettmessig, slik Vårt Land skriv, enorme ringverknader.
Gode føresetnader gjer meir investering
Bestill abonnement her
KJØP