UD feilinformerer stadig om TISA-avtalen
Regjeringa overser at store deler av norsk næringsliv kan få problem knytta til ei vidare handelsliberalisering. Den ser ut til å springe ærend berre for dei store konserna....
Etter at Liv Signe Navarsete den 5. nov. stilte spørsmål i Stortinget om frihandelsavtalane TTIP og TISA, har UD-leiinga prøvd å bagatellisere den veksande kritikken og skepsisen til desse avtalane. Først demonstrerer utenriksministeren i sitt svar i Stortinget, at han har ei ideologisk basert tillit til at frihandelsavtalar, som TTIP og TISA, vil vere jobbskapande. Nyleg kom det amerikanske universitetet Tufts med ein rapport som kraftig undergrev påstandane om store positive gevinstar av TTIP:
"We estimate that almost 600,000 jobs would be lost as a result of TTIP. Secondly, TTIP would reinforce the downward trend of the labor share of GDP, leading to a transfer of income from wages to profits with adverse social and economic consequences."
Sjå: http://ase.tufts.edu/gdae/Pubs/wp/14-03CapaldoTTIP.pdf . Med andre ord: I staden for jobbskaping, forventar dei ein direkte negativ effekt av TTIP for jobbmarknaden i Europa!! Vil Børge Brende ta dette med i sine vidare vurderingar?
Bestill abonnement her
KJØP