Trusvedkjenninga er kyrkjelyden si felles handling

LITURGI: Det inkluderande må fyrst og fremst gjerast synleg og verkeleg i våre haldningar og handlingar, mykje meir enn i einskildord.

GUDSTENESTE: – Det er eit godt argument at vi må gjera kyrkjelivet og gudstenestene inkluderande. Meir enn nokon gong må dette vere eit tema i forkynning, undervisning og sjelesorg, skriv biskop Ragnhild Jepsen.
Publisert Sist oppdatert

Eit høgdepunkt for meg i kyrkjelydens gudstenestefeiring er når liturgen eller klokkaren seier: «Lat oss saman vedkjenne vår heilage tru». Då gjer vi nettopp det. Vi reiser oss saman – dei trøytte konfirmantane på bakre benk som litt etter kvart får kroppen opp i ståande posisjon; dåpsfølget på fyrste rad som må kaste eit lite blikk bakover for å sjå kva dei andre gjer, og vi som gjennom årelang trening og tradisjon veit at vi skal det. Så står vi saman og seier fram truvedkjenninga. Den som legg våre liv og vår tru inn i kyrkja si tru. Den eg kan slutte meg til, også når leppene formar orda og hjarte og tanke er ein annan stad; vedkjenninga som gjer oss til eit fellesskap i Jesus Kristus og i trua og tradisjonen som har vore i verda i snart 2000 år.

Credo, det latinske namnet for vedkjenninga til den treeinige Gud, tyder «eg trur» i eintal, og slik seier vi det saman i Den apostoliske truvedkjenninga i våre gudstenester. Og samstundes er «credo» eit ord og eit omgrep i vårt språk og i vår kultur som vi kjenner og nyttar. Ja, jamvel om vi ikkje kjenner bakgrunnen for ordet, er eit «credo» noko vi kan finne uttrykt både i verdsleg og religiøs samanheng.

Meir enn subjektivt

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS