Tru under farlege angrep
FORFØLGELSE: Eg ber utanriksminister Espen Barth Eide og bistandsminister Anne Beathe Tvinnereim svara på: Kva har Noreg under forhandlingane sagt til India om uro på grunn av hat og vald mot religiøse minoritetar? Og i kva grad uroar det Noreg at India i praksis er i ferd med å bli ein hindustat?
– Eg etterlyser tydeleg norsk tale i møte med ein så viktig global aktør som India som er i ferd med å bli eit demokrati berre på papiret. Frihandel er viktig, fridom er viktigare. Foto: Emilie Holtet / NTB
Emilie Holtet
Ein alarmerande rapport kom på bordet mitt like før eg skulle ta påskeferie. For medan det venta oss ei fredeleg høgtid, gjekk kristne i India inn i påska som for hindu-ekstremistar ofte har vore ei høgtid for både hatprat og vald mot nettopp kristne. Dei gjekk inn i fastetida med fleire vonde hendingar enn i fjor, som var eit rekordår for vald og hat.
Rapporten bør få oss alle, også kyrkjeleiarar og politikarar, til å vakna: På eitt år har talet på dokumenterte valdelege angrep mot kristne i India stige med nesten 50 prosent – frå 423 i 2022 til 601 i fjor, ifølgje 2023-rapporten frå Evangelical Fellowship of India (EFI), ein paraplyorganisasjon for evangelikale kyrkjer.
Rapporten fortel også om sterk vekst i hatprat. Hatet blir ikkje imøtegått av styresmaktene. Tvert imot: Det synest som at samfunnet blir meir og meir immunt mot hatprat og valdelege angrep mot kristne – og muslimar.
Bestill abonnement her
KJØP