Tronge meiningsrom i vår grenselause samtid
MANGFALDET: Vårt indre eg prøver stadig å passa inn på ungdomsskulen. Slik gjer me det vanskeleg for kvarandre.
GODT SITAT: Då eg gjekk på vidaregåande, skreiv engelsklærar Eriksen eit sitat av Walt Whitman (bilde) på tavla, skriv kronikkforfattaren. Det gjorde inntrykk.
Flickr
Kan ein muslim med hijab både elska å be i moskeen og å gå på fylla med venner? Kan ein konservativ kristen støtta sjølvbestemt abort? Kan ein ihuga feminist meina at abort er drap? Kan ein sauebonde vera mot ulvejakt – og ein naturvernar vera for? Kan ein sionist tykkja at Israel sin politikk overfor palestinarar er ei skam, og kan ein palestinavenn meina at Hamas styrer Gaza som eit terror-diktatur?
Absolutt, eg har møtt alle desse. Kvifor lar me oss overraska, når me oppdagar at menneske er slik? Med tanke på alt me veit om våre eigne liv, og om kor samansette våre eigne meiningar er, så trur me overraskande lett at andre menneske er teikna med sjablong.
Mangfaldet inni mennesket