To strekar
I min ungdom måtte eg gjere eit val: Skulle eg vie livet mitt til det eg trudde på eller det eg kunne vere sikker på?
Eg likte realfag. Det var så trygt med svar med to strekar under. Alt var sikkert og visst. Fysikk, kjemi og matematikk gjekk opp i ein einskap som fasinerte meg. Eg lærte om det store universet med eit utal galaksar og dei små atoma med sine elektron, nøytron og proton. Det verka som det budde eit lys i realfaga som kunne lyse opp og forklare både stort og smått i tilværet.
Trua var også ein viktig del av livet mitt. Fellesskapet med andre kristne ungdomar på møte og leirar sette spor. Gløden hos dei eldre smitta over på meg. Jesus var lys, håp og kjærleik. Trua var ein skatt, og det var ein ekte brann i mitt indre: Dette vil eg leve for! Eg valde teologien, og sa farvel til eit liv med svar med to strekar under.
No har eg runda 50-årsbøya, og perspektivet på tru og vitskap har endra seg. Det er ei krevjande øving i dag å følgje vitskapen utover i universet og innover til dei minste partiklane og vidare over i biologien si mangfaldige verd. Det er imponerande alt vi no veit. Men eg ser tydelegare at også i vitskapen er det glidande overgangar mellom det vi veit, det vi trur vi veit, og det vi trur.