Teologi som manglar tangentar

BIBELTOLKING: Norske teologar spelar stadig opp, men det er som om pianoet manglar nokre tangentar.

TEOLOGI: I dag synest det heller som om ønsket om dialog med og aksept frå samfunnet har gjort at teologien manglar ein trygg og fulltonande klang, skriv Sofie Braut.
Publisert Sist oppdatert

Ansgar-rektor Ingunn F. Breistein gjer i ein nyleg artikkel dei store spørsmåla om korleis kristne skal forstå Bibelens ord om underordning til eit enkelt val mellom «Likestilling eller underordning» (Dagen 27.8). Harald Hegstad, professor på MF, har på si side funne ut at «den tradisjonelle avvisning [av likekjønnet samliv] ikke er mulig å begrunne bibelsk og kristelig» (Luthersk kirketidende 12.8). Innlegg som dette gir ei merkeleg kjensle av at teologane sjølv opplever Bibelen utilstrekkeleg i møte med krevjande spørsmål.

Ein fjern draum

I sin siste Dagen-artikkel tek Breistein opp tråden i den svært omfattande debatten om underordning, og trass ein uvanleg langvarig debatt, er det framleis interessant å få ulike perspektiv frå kristenlivs-profilar. Breistein overraskar imidlertid ved å setja opp heilt enkle kategoriar, der underordning vert ein kontrast til likestilling, der motkultur vert presentert som eit omgrep som treng hermeteikn (fordi det ikkje finst?) og der idear om å ta Bibelens ord om underordning på alvor, vert «avslørt» som ein lengt tilbake til «den borgerlige kulturen i USA og Europa på 1950-tallet».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP