Tankesmie i sentrum?
Regjeringas forslag til statsbudsjett er eit glimrande døme på slett politisk arbeid. Dette er bra for Noreg, og har allereide ført til eit synleg brot mellom KrF og regjeringa. Ein ting er så opplagt ideologisk blinde framlegg som kombinasjonen av å foreslå fjerning av formuesskatt i same budsjett som ein fjernar barnetillegg for uføre. Men når ein i tillegg råkar KrF med slike ting som kutt i stipend for internatbuarar (som råkar folkehøgskular), kutt i pressestøtte (som råkar Vårt Land og Dagen) og ei heil rad med liknande smådrops som knapt kan kallast noko anna enn direkte fiendtlege mot KrF byrjar mønsteret i norsk politikk å forandra seg. Og plutseleg er regjeringa ute på gyngande grunn.
Laurdagens Vårt Land inneheld forvitneleg lesnad, der den tyngste bjøllesauen – Helge Simonnes sjølv – vidarefører ein vendetta mot Kristin Clemet der han forsvarar og underbygg påstanden om at tankesmia Civitas kraftige engasjement mot formuesskatten kanskje også heng saman med kven som finansierer tankeproduksjonen.Og som han seier: «Blir budsjettfølelsene i Høyre så sterke fordi det skapes usikkerhet hos finansieringskildene?»
I tillegg til denne opne, giftige og fornøyelege vendettaen mellom Kristin Clemet og Helge Simonnes handlar hovudoppslaget i nyhendedelen om sinnet i KrFs landsstyre mot budsjettet.Alt prat om regjeringssamarbeid med dei blåblå er lagt daudt, og i staden blir det slept opp prøveballongar om å la «regjeringa fella seg sjølv». Den konservative, tidlegare misjonsgeneralen Karl Johan Halleråker i Hordaland ønskte i utgangspunktet å stå utanfor regjeringa, og meinte det heldt med ein samarbeidsavtale. Dette standpunktet meiner han no er styrka: «I regjering vil KrF bare bli en pyntegjenstand i kupeen. Vi vil mangle utsikten over skinnegangen». Også frå bibelbeltet – Rogaland og Vest-Agder – blir det meldt om stemningsskifte. Folk som tidlegare var positive til regjeringssamarbeid med dei blåblå meiner no partiet valde rett ved å bli ståande utanfor.
I praksis tyder alt dette at sentrum i norsk politikk er i ferd med å gjenoppstå. Eit av hovudformåla til Kristin Clemets «Civita» har heile tida vore å hindra eit sterkt og sjølvmedvite sentrum. Verkemidla har mellom anna vore nettverksbyggjing og nokså openlys smisking andsynes den unge kaderen i KrF. Men det elendige handverket til regjeringa kan brått syta for at nettverksbyggjinga her byrjar rakna. Det vil vera bra for Noreg, og bra for KrF.
Bestill abonnement her
KJØP