Sover heile regjeringa?
Eller er det Høgre og statsministeren som har bestemt at det stadig sterkare folkeopprøret mot vindkraft skal ignorerast? Kvar er Krf oppi dette? Sett utanfrå er det skuffande stille. Eg tolkar det som at det er viktigare for Krf å ta vare på posisjonar enn folk.
Det er sterke kapitalkrefter som har fått enkel tilgang til våre felles naturressursar. Dette skjer mot svært mange innbyggarar sin vilje, også i fleire tilfelle mot lokaldemokratiet sin vilje. Det skjer i Agder, Rogaland, Vestland og vidare nordover langs heile kysten. I fleire områder der Krf tradisjonelt har stått sterkt. Likevel er det taust frå Krf sentralt. Denne tausheita kan eg ikkje forstå i forhold til det eg trudde var Krf si omsorg for enkeltmenneske og mål om eit sterkt lokalt folkestyre. Ei heller i forhold til det Krf kallar forvalteransvaret: Menneska sitt ansvar for å forvalte jorda på best mulig måte.
Utan å komme med detaljar , så er det ein del punkt som går igjen i vindkraftutbyggingar ifølge lokalbefolkning og fleire seriøse naturvernorganisasjonar: Brot på naturmangfaldslova, brot på forureiningslova, brot på fuglefreding ,og ikkje minst brot på energilova og forvaltningslova. Men når lovbrot blir påpeika eller anmeldt, så blir det avvist eller oversett. Når utbyggar ikkje har alt i orden som forutsatt i konsesjonane, får dei tilgjeving og løyver gjennom hastevedtak i NVE.
Då Stortinget vedtok ein gjennomgang av gitte vindkraftkonsesjonar , deriblant Haramsøya og Stadlandet, så burde regjeringa fulgt opp dette på ein heilt anna måte enn dei har gjort til no. Både olje- og energi-ministeren og miljøministeren går ut og forskutterer negativt svar på saker som er under gransking. Dette gir stor grunn til bekymring for om gjennomgangen er rèell, eller eit reint forsvar av tidlegare vedtak. Det verkar som OED vil unngå å ta ansvar for det uføret dei har leda landet ut i. Istaden vil dei presse lokale grupper til å ta sakene til retten med dei kostnadane det gir. Det er i mine auge ei skam og eit nederlag for eit land som Norge. Og det er ekstra skuffande at Krf, som skal vere på folket si side og som har brukt å stå opp for den svake parten, er heilt fråverande i saka.
Bestill abonnement her
KJØP