Sant og usant om jødisk tru
Dette essayet vil sjå nærare på ei apologetisk framstilling av jødedomen: Bente Groths bok ”Jødedommen”(1). Det er tre grunnar til eg meiner dette er ein viktig diskusjon. Den første er at skuldingar om antisemittisme sit laust når temaet er jødedom. Dette er forståeleg, men fører like fullt til at viktige diskusjonar ofte blir feidd under teppet. Den andre grunnen er at jødedomen som staten Israels etablerte religion tyder mykje som bakteppe for maktutøvinga til den sterkaste makta i eit viktig konfliktområde. Maktposisjonar bør diskuterast kritisk. Den tredje grunnen er det viktigaste: Offentleg diskusjon kan rydda av vegen mistydingar som elles får veksa fritt i mørket. Berre den som har ei veik sak bør sky offentleg ordskifte.
I tillegg kjem det at jødisk religion er ein nokså innfløkt affære. For jødedom er ein komplisert religion. ”Kizur Shulchon Oruch” er ein enkel ”handbok” av det slaget som konsentrerer seg om dei spørsmåla der det finst enkle svar, og om dei spørsmåla ein ortodoks jøde må ha svar på i kvardagen.Mi engelske utgåve(2) er på vel 795 sider, og tek for seg slikt som kva slags velsigning du skal seia når du ser ein regnboge, kva slags kombinasjonar av vaksne med ulikt kjønn som kan opphalda seg i eit privat rom samtidig, og kva ein skal tenkja på under seksualakta(3).Desse enkle reglane er berre toppen av eit svært isfjell: All jødisk lov er svært utvikla, og det foregår ein løpande utvikling etterkvart som nye spørsmål blir reiste. Ein vesentleg del av denne utviklinga er heilt hypotetisk – Isaac Deutscher skriv at han i det foredraget som kvalifiserte han til tittelen ”rabbi” diskuterte om spyttet til sagnfuglen Kikiyon - som flyg over jorda kvart 70 år - er kosher; lovleg mat, eller treyfe; ureint.(4)
Men vanskane stoggar ikkje der. Sjølv om den jødiske lova, halaka, kan vera uoversiktleg, var ho likevel til ein viss grad eins for alle jødiske samfunn fram til om lag 1780. Dei siste 200 åra har mange retningar innan jødedomen lagt til sides halaka, utan at dei av den grunn har forlate jødedomen. Dei einskilde rituala og bønene som likevel er sams for jødar, kan difor bety svært ulike ting for dei som utøver religionen. Medan ortodokse jødar som legg til grunn tolkingssystemet i Talmud ofte vil forstå bibeltekstar svært ulikt den bokstavelege meininga, kan reformerte jødar forstå teksten på tilnærma same vis som kristne(5). Uttrykket ”Torahens hav” blir ofte brukt – og dette er verkeleg eit stort hav, der det er lett å drukna eller mista oversikt.
Når stoda er slik, blir både lekfolk, historikarar og andre prisgjeve autoritetane på feltet. Eg skal i denne drøftinga ta for meg ei bok som er i ferd med å etablera seg som ei bok som er hendig å ty til for den som vil ha kunnskap om jødedom: Bente Groths ”Jødedommen” (Pax 2000). Boka står på pensumlister ved fleire universitet i Noreg og Sverige, og forlaget garanterer for at ho vil vera i sal fram til 2020. Eg er kritisk til måten denne boka drøftar ein del tema innanfor emnet sitt, og vil leggja hovudvekta på dette. Samtidig vil eg innleiingsvis seia at eg meiner boka gjennom utval, vektleggjing og disposisjon gjev eit godt tverrsnitt av emnet sitt: Jødisk religion og historie. Det er ei god bok å byrja med – men samtidig ei bok med tydeleg slagside.