«Så lenge rettsprosessane går, vil Trump gjere politikk av det»
Donald Trump er under etterforsking i fleire politidistrikt. Det vil, ironisk nok, kunne styrke oppslutninga hans inn mot valet i 2024 dersom han klarer å framstille seg som offer for politisk motivert straffeforfølging.
PROTEST: Ein kan lett sjå føre seg at Trump ville sette pris på store folkemengder i gatene som protesterer mot eit påtalevedtak, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll. Også motstandarar av Trump protesterte i New York måndag og tysdag.
NTB
Donald Trump er langt frå ukjend med rettsvesenet. I nær framtid risikerer han likevel å sjå innsida av ein rettssal under ein strafferettssak. Det er ikkje vanleg kost for den historisk sett søksmålsvillige forretningsmannen.
Laurdag ettermiddag norsk tid la han ut ei melding på det sosiale mediet Truth Social der han hevda å ha fått vite via lekkasjar frå det «korrupte og svært politiske» statsadvokatembetet i New York at han kom til å bli arrestert tysdag.
Seinare gjorde representantar for Trump det klart at den tidlegare presidenten ikkje har fått signal frå statsadvokaten om at dette faktisk ville skje. Vi veit imidlertid at det har vore fleire møter internt i politiet i New York om korleis ein kan ivareta sikkerheita dersom statsadvokaten faktisk tek ut tiltale og den tidlegare presidenten skal bli framstilt for påtaleforkynning. Dette taler for at eit påtalevedtak er nært kommande.