Rowling legitimerer ytre høgre
TRANSDEBATT: J.K. Rowling er ikkje høgreekstrem, men me må rette eit kritisk søkelys mot henne og dei kreftene ho bidreg til å legitimere når ho har kasta seg inn i transdebatten.
OMSTRIDT: Forfattar J.K. Rowling legitimerer ytre høgre gjennom si rolle i transdebatten, meiner Mai Lene Fløysvik Hæåk.
Christophe Ena
Eirik Løkke, rådgjevar i Civita, svarer 9. mai på innlegget mitt kor eg kritiserer norske medium for å ukritisk promotere den nye J. K. Rowling-podcasten. Eg meiner Løkke bommar i mykje av kritikken sin mot meg.
Først og fremst er det viktig å slå fast at ingen skal motta dødstrugslar for å uttrykke meiningane sine, heller ikkje J. K. Rowling. Eg blir påverka av å høyre henne snakke om kva ho har stått i, og det er umogleg å lytte til første episode utan å få medkjensle med ei ung Rowling som mistar mora, går gjennom ein spontanabort, giftar seg med ein valdeleg mann for så å flykte frå han saman med dottera.
Men desse opplevingane og historiene utelukkar ikkje at podcasten er eit PR-prosjekt.