Refleksjonar etter eit jubileumsår

FEIRING: Vi må halde fram den gode samtalen i året som kjem! Lovjubilea vi har feira i året vi legg bak oss har gjeve frimod til å synleggjerevår kristen-humanistiske arv. Den bind oss saman i ei tid der vi verdsetmangfaldet i det livssynsopne samfunnet.

MARKERING: – Vi var mange som merka oss kronprinsens ord, skriv Ragnhild Jepsen. Biletet er frå tusenårsjubileet for kristenretten som vart feira på Moster i juni.
Publisert Sist oppdatert

Feire fortid, forme framtid

2024 var året då vi markerte tusen år for innføring av kristenretten på Moster og 750-årsjubilet for Magnus Lagabøtes landslov. Vi kalla året Verdiåret 2024, og vi markerte at dei kristne verdiane har vore med på å gjere landet vårt til eit godt land å leve i. Vi har halde fram aktualiteten og styrken i rettsjubilea med inspirasjon frå Moster 2024 og støtte frå landslovsjubileet i Vestland fylkeskommune.

Det er ei utfordring å legge til rette for hendingar som mange skal kjenne at ein har del i på tvers av generasjonar og interesser. Både kyrkje og samfunnsinstitusjonar har gjeve dei godt rom i sine samanhengar. For kristenrettsjubileet var mottoet «Feire fortid, forme framtid». Målet for jubileumsåret har vore å nå ut med kunnskap, legge til rette for opplevingar og refleksjon, og ikkje minst drøfte kva for verdiar vi kjenner er umisselege mellom oss.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS