På sporet av far

I mange tiår har samfunnet sytt for at barn blir fødde med ei livsløgn i bagasjen: Far er ikkje far.

Publisert Sist oppdatert

Den eldste metoden som vert regulert av Bioteknologilova, er sæddonasjon med sæd frå ein annan mann. Metoden har vore praktisert sidan midten av førre hundreår. Ofte var det slik at ein lege skaffa sædgjevarar blant medisinstudentane sine – dei var unge, raske og viljuge menn. Det blei stilt få eller ingen spørsmål. Sædgjevarane var garanterte at ingen fekk vite kven dei var. Dei var anonyme donorar. Dei gjorde sitt til at barn etter barn kom til verda basert på ei løgn.

Då langt meir moderne teknologiar kom i bruk og vi fekk lovgjeving, først i 1987, blei det strid om anonymiteten. Det var heftige debattar på Stortinget der tilhengjarane av anonyme sædgjevarar sigra. Tilhengjarane meinte retten til å vite var underordna, dei frykta at tilgangen på sædgjevarar skulle tørke ut.

Men kritikarane vann til slutt fram. Dei argumenterte med retten til å vite og kor viktige dei biologiske røtene er. I 2003 vart anonymiteten oppheva. Frå 1. januar 2014 har barn som blir fødde ved sæddonasjon, hatt rett til å vite kven den biologiske faren er. Kunnskapen kan dei få ved fylte 18 år.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS