Knut Langeland

Pensjonert journalist og aktiv i kampen mot norsk vindindustri

Sjefredaktør i Vårt Land, Bjørn Kristoffer Bore, har vore på ferietur i Noreg. Undervegs har han late seg begeistra av synet av vindindustri kneisande i himmelsynet. «Kulturlandskap» er hans karakteristikk av det som lokalsamfunn landet rundt no reiser seg i høglytt protest mot.

Bore spår at om hundre år er desse blinkande, støyande og roterande opptil 250 meter høge turbinane noko vi vil ha lært oss til å setja pris på, slik som vi i dag set pris på synet av dei gamle steingardane som svingar seg fram over bø og mark, til dømes i fylket han slektar frå, Rogaland.

Foto: Erlend Berge

Knut Langeland meiner sjefredaktør i Vårt Land, Bjørn Bore, gjekk over ei grense i kommentaren der han skreiv at vindmøller blir framtidas kulturlandskap. Foto: Erlend Berge

Det går verkeleg ei grense

Det er sjølvsagt lov å lata seg begeistra, om det så er av vindindustri midt i den finaste naturen vår. Det er lov å sjå på vindkraft som sjølve symbolet på sivilisasjon, og det er lov å leggja seg ut med både frøyværingar, tysværingar, haramsøyingar og jærbuarar som kjempar eller har kjempa ein fortvilt kamp mot øydeleggingane av deira nærnatur.

Men det går verkeleg ei grense, Bore! Når du gjer dine eigne forfedre, som samla stein og pløygde mark og bygde steingardar på Jæren for å skaffa seg ei utkoma, til si tids naturøydeleggjarar, då har du nådd, og passert med god margin, denne grensa.

I steingardane på Jæren byggjer linerla reir, Bore sitt eige opphav rydda og stelte eit naturlandskap som i dag er å rekna som nasjonens kjøkenhage. Å samanlikna desse slitarane med våre dagars gravemaskiner, bulldoserar, boreriggar, betongbilar og dynamitt er ikkje berre flåsete, det er uærbødig, skamlaust og respektlaust.

LES OGSÅ: Prester til kamp mot vindturbiner

Typisk Oslo-arroganse

I nabolaget til der linerla flyg att og fram og fostrar opp nye linerler, blir fuglar maltrakterte til døde av snurrande vindturbinar. I heilandskapet på Høg-Jæren blir myrer gravde opp, toppar skotne flate, økosystem rive sund. Store skjæringar lagar veg, slik at vi brutalt kan ta oss til rette med våre enorme installasjonar i det som skulle vore våre medskapningars rike. Det er tidenes nedbygging av norsk natur vi er vitne til.

«Kultur», seier Bore om turbinane og vegane og skjæringane og oppstillingsplassane og trafostasjonane som irreversibelt gjer natur om til industri og påfører tallause lokalsamfunn lidingar og redusert livskvalitet. Ikkje berre på Høg-Jæren, men opp og ned vårt langstrakte land.

Med typisk Oslo-arroganse framfører han ein bodskap som bidreg til å auka polariseringa mellom by og land i denne svært betente saka. Og så meiner han at det vil gå over. At vi om hundre år kollektivt kjem til å setja pris på vindindustrien og spora han set.

Eit fatalt feilsteg

Om hundre år, Bore, vil vi forlengst ha erfart at vindkraft i urørt natur var eit fatalt feilsteg, at naturøydeleggingane var fåfengte, at framsteget dei liksom skulle representera, var eit falsum. Ja, allereie i dag veit vi at klimaproblemet ikkje let seg løysa utan at vi tek vare på naturmangfald og økosystem.

Kommentaren som Bore har på trykk i si eiga avis, er sjokkerande lettbeint til å vera skriven av ein sjefredaktør. Samstundes er Bore si meiningsytring truleg berre eit bilete på kor dårleg kunnskapsnivået er når det gjeld vindkraft, sjølv blant samfunnstoppar.

Bore godtek utan vidare at vi treng vindkraft, og at vi må leggja til rette for utbygging av meir. «Nødvendig infrastruktur», skriv han, og etter først å ha slått fast at vindindustrianlegga rundt om i Noreg er å rekna som framtidas kulturlandskap, som vi i utkanten kjem til å vera begeistra for, vedgår han at dei også medfører ulempe.

Stakkar Bore som ofra seg og bur i Oslo

Ulemper må fordelast rettvist, og sidan han, stakkar, har ofra seg og bur i Oslo, og dermed har teke på seg å utsetja seg for «store deler av landets godstrafikk, persontrafikk og flytrafikk», meiner han at vi som bur i utkanten, nærmast som ei slags solidarisk motyting, må tola ulempene det er å leva tett inntil vindindustrianlegg.

Det er, ifølgje Bores akrobatiske logikk, ein «del av belastningen med å leve i et høyproduktivt moderne samfunn.»

«For å verne naturen må vi bruke bærekraftige ressurser. Som vindkraft,» skriv Bore til slutt. Og avslører at han har ikkje fått med seg det mest grunnleggjande. At framtidas fornybare samfunn må byggja på ein velfungerande og i størst mogleg grad intakt natur. Har vi ikkje det, ja, då har vi heller inga framtid.

 

LES MEIR:

Brukte vindmølleblad blir søppeltrøbbel

Vårt Land mener: «Vindkraft trengs i energimiksen, men må reguleres bedre»

Lars Gilberg: «Vi er skapt til å være i naturen. Kanskje finner vi fortsatt spor av noe gudegitt»