Ny kyrkjeordning – det kan fort gå godt!

KIRKELIG ORGANISERING: Kyrkjemøtet vedtok ei kyrkjeordning som knapt nokon hadde ønskt seg i utgangspunktet. Likevel er det god grunn til å vera optimistisk.

BYGGE SAMAN: Skal me lukkast med ny kyrkjeordning, trengst det no framfor alt lagbygging, skriv Asgeir Sele. Biltet er frå Kirkemøtet, som no har fatta eit prinsippvedtak for kyrkjeleg organisering i framtida.
Publisert Sist oppdatert

Så gjekk det som det sikkert måtte gå: Kyrkjemøtet vedtok ei kyrkjeordning som knapt nokon hadde ønskt seg i utgangspunktet og som ingen på det noverande tidspunktet heilt veit korleis kjem til å arte seg. Likevel er det god grunn til å vera optimistisk. Dette kan faktisk fort gå godt.

Skal det gå godt, er det likevel nokre føresetnadar som må på plass. Først er det naudsynt at alle me som hadde sterke emosjonelle bindingar til andre modellar enn den som var vedteken, innser tapet og sørger oss ferdige, slik at me slepp vonde omkampar av typen forsøk på å gjere den vedtekne modellen så lik eigen føretrekt modell som mogeleg.

For det andre trengst det at alle skremmebileta som me laga oss i kampens hete vert erstatta av ein vilje til å arbeida oss saman att, i forventningsfull tillit. I tillegg er det nokre konkrete område me må sjå nærare på saman, for å løfta organisasjonen ikkje minst på lokalt plan.

Powered by Labrador CMS