«Norske styresmakter og Ortegas gamle vener må vera tydelege»
NICARAGUA: Modig biskop er dømt til 26 års fengsel i Ortegas diktatur i Nicaragua. Noreg må protestera.
MAKTPAR: Daniel Ortega og kona hans, visepresident Rosario Murillo, har gjort Nicaragua om til eit diktatur, skriv Johannes Morken.
Alfredo Zuniga
Når den ein gong så hylla nicaraguanske frigjeringshelten Daniel Ortega no prøver å knusa kritikken også frå den katolske kyrkja, bør dei gamle norske venene hans ropa ut sin protest.
Diverre handlar Nicaraguas nyare historie om frigjeringshelten som blei tyrann. Det er ikkje eit nytt fenomen under sola.
Daniel Ortega og kona hans, visepresident Rosario Murillo, har gjort Nicaragua om til eit diktatur. Store folkelege demonstrasjonar i 2018 vart møtt med brutal makt. Men no var ikkje Ortega folkets mann, men maktas forsvarar. Angrepa hans på sivilsamfunnet er seinare berre blitt trappa opp.
Bestill abonnement her
KJØP