Norske soldatar i verdsklasse

AFGHANISTAN: Noreg sitt militære bidrag i Afghanistan har gjort ein forskjell. For innsatsen har vi fått spesialsoldatar i verdsklasse. Norske politikarar derimot, bør gå i seg sjølv.

Cecilie Hellestveit, Afghanistan, debatt
I VERDSKLASSE: – Etter 20 år i Afghanistan har vi har fått spesialsoldatar i verdsklasse – men ikkje som drapsmaskinar, skriv Cecilie Hellestveit. På dette biletet frå 2007 trener norske soldatar på nærstrid i eit bebygd område.
Publisert Sist oppdatert

Då Noreg gjekk inn i Afghanistan i 2001, var det for å forsvare USA. Operasjonen starta som kollektivt sjølvforsvar mot al-Qaida etter angrepa mot USA 11. september 2001, og med FNs tryggingsråd i ryggen. For fyrste gong var artikkel 5 i NATO-pakta utløyst, og Noreg stilte villig opp i USA og Europa.

For operasjonen i Afghanistan – Operation Enduring Freedom – ville USA ikkje ha noko NATO-operasjon, men ynskte friare tøyler. Noreg og andre land vart med som gode allierte. Afghanistan-operasjonen var styrt av USA åleine.

Elendige utsikter for statsbygging

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS