NLM og framtida.
I Vårt Land laurdag 8 august har Helge Simonnes ein kommentar med overskrifta «Lydighetens munnkurv».Sidan dette inlegget ikkje har dukka opp i debattsidene i papiravisa, publiserer eg det her no.
Akkurat no er nok ikkje beste tida for å bekymre seg over NLM si framtid. Vi opplevde i år ei usedvanleg positiv generalforsamling der ungdomsorganisasjonen og ungdomane generelt etterspør meir vaksenkontakt. Eg kan ikkje hugse at dette var tonen i min ungdom, nei den gongen var ungdomane gjerne opptekne med å ha litt avstand til foreldregenerasjonen og deira sine møteformer osv., og vere for seg sjølve. No ynskjer ungdomen vaksne medvandrarar, ei positiv utvikling som mange både yngre og eldre på GF heldt fram som noko positivt. Så kan det vere at NLM ikkje marsjerer i takt med tidsånda, som Simonnes nemner. Men det kan vere at lufta held på å gå ut av ballongen som inneheld den menneskeskapte moteriktige teologien som har spreidd om seg. Vi opplever for tida at ikkje minst ungdomar spør etter kva står skrevet, altså i Guds Ord. Kva er det Gud vil formidle til oss? Før GF var ein god del av oss samla på den årlege Bibelsommar i Vest på Lyngmo, Hafslo. Den solide forkynninga der ut i frå Guds Ord var det ikkje minst ungdomar som var komne for å høyre, noko det var peika på av fleire, og det var fulle hus.
Eg trur det er mange som set pris på at NLM framleis har leiarar som ikkje er redde for å stå på fast grunn. Sjølv om generalsekretæren nemnde at konserten med Solveig Slettahjell var teke ut av programmet, og at vi som organisasjon ynskjer å vere tydelege, så kom det i alle fall ikkje i samtalane på GF fram noko om at nokon tykte dette var negativt.
Jau då, i NLM har vi tradisjon for diskusjonar, men vi har og tradisjon for å stå samla når noko er vedteke. Men eg trur at etter ei relativistisk haldning til teologiske emner i kyrkje, samfunn og media, kjem mange til GF, ikkje for å høyre på ein uklar teologisk lapskaus, men å få «senke skuldrane» og få ta til seg åndeleg føde frå Guds Ord. Det er på dette grunnlaget vi no skal få bygge arbeidet i NLM framover. Og sjølv om realiteten i Guds rikes arbeid kan variere, ikkje minst på mindre plassar, så har vi no fått festa blikket på Jesus og står med heva hovud med tanke på framtida.