Når teologi står i vegen for tru
BIBELSYN: Eg saknar fleire frimodige leke leiarar. Dei kan gi håp i ei studiepoeng-sentrert tid, der mykje av teologien ikkje verkar interessert i å koma vanlege kristne til hjelp.
FRIMODIGE: Bibelen skildrar Peter Johannes som ulærde menn med frimod. – Nokre saker er rett og slett for viktige til å overlata til ekspertveldet, meiner Sofie Braut. (Måleri: «Disiplene Peter og Johannes løper til graven påskemorgen», av Eugène Burnand (1898).
Eugène Burnand / Wikimedia Commons / Marie von Krogh
Frå ein gong på 1980-talet hugsar eg ein periode det var noko som på kyrkjeplakaten så forlokkande heitte «lek leiar». Eg var for liten til å kopla at skrivemåten skulle ha vore annleis om dette handla om leik og moro, så eg opparbeidde meg straks assosiasjonar og forventingar som skulle syna seg å vera fullstendig skivebom.
Med lek leiar vart det om mogleg endå meir alvor, for lekfolka som innimellom steppa inn for presten, ville neppe ha ord på seg for ikkje å kunna gudstenesteboka godt nok.
Saknar leke leiarar
Bestill abonnement her
KJØP