Med Vaffelhjarte frå rette staden – Runde!
Sidan ute-scenene i serien "Vaffelhjarte" på NRK barne-TV er filma på Runde, fekk eg lyst til å fortelje litt meir om min barndoms fagre øy.
30-år gamle Maria Parr har vunne mange prisar for barnebøkene "Vaffelhjarte" og "Tonje Glimmerdal". Ho kjem frå Fiskå i Vanylven, der far hennar er redaktør for lokalavisa "Synste Møre". Fredag for to veker sidan starta ein serie i NRK barne-TV, "Vaffelhjarte", som byggjer på debutboka til Parr. Dei utandørs scenene er filma på Runde, min barndoms fagre øy. Difor fekk eg lyst til å ta lesarane på Verdidebatt med på ein tur rundt "my island in the sun". Kanskje kan dette vere ei lise frå problema i den virtuelle internett-verda.
Nordaust på Runde ligg grenda Goksøyr, med dei to husa der hovudpersonane i serien, Trille og Lena, bur. Dei som faktisk har budd der, har hatt yrke knytt til havet, den eine som fyrvaktar og den andre som los. Bror til biskop Bernt Støylen var i si tid lærar i bygda, men drukna i brenningane saman med sju andre ein uversdag i 1880, då ein robåt gjekk rundt. Seinare skreiv Støylen den kjende salmen: "Gud signe vårt folk der dei siglar og ror".
Havet tek og det gjev. Frå gyteområda på Goksøyrvika har folk i uminnelege tider henta opp havets sølv, storsilda, og vegen har også vore kort til grunnene der torskefisket gjekk føre seg. Men også anna sølv var å finne. Ei kløft på nordsida, ut mot storhavet, heitte "Rike-jøtta", for det vart sagt at somme hadde blitt rike etter skattefunn i området. Ryktet viste seg å vere sant, for i 1972 fann Eystein Krohn-Dale og to svenske amatørdykkarar nær sju tusen gullmyntar og femti tusen sølvmyntar på 20 meters djup like ut for Rikejøtta. Myntane kom frå det hollandske skipet Akerendam, som forliste i 1725 på veg til Ost-India (Indonesia). I år toppar den same Krohn-Dale inntektsstatistikken i Ålesund med nær 20 millionar og ein formue på 91 millionar "Krohn'er", så Rundefunnet har tydelegvis forrenta seg.
vart tend første gong i 1767 og er Noreg 4. eldste. Under Den andre verdskrig hadde tyskarane ein observasjonspost der. Sjefen var sersjant Paul Zielke, som fekk ord på seg som ein snill og hjelpsam person og hadde eit godt forhold til lokalbefolkninga. Eg skreiv ein artikkel om han i fjor, som kan lesast
No er fyret automatisert, og dei andre husa overtatt av
Bestill abonnement her
KJØP