Lukta av høvelspon
FLUKTEN: Det er verken rett eller godt å sette Josef si truverdigheit og eit moralsk svik i samband med barnemordet dengong, og med assosiasjonar til dagens Midtøsten, slik Moxnes antydar i sin artikkel.
– Eg veit at Josef-alteret i den katolske Christ the King-katedralen i Liverpool eingong gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg, skriv Øystein Bjørdal. På bildet: Daniele Crespi, ca 1625: Dream of flight.
Daniele Crespi/
Kvart nyttår blir vi minna på at store delar av den kristne verda ikkje feirar jul slik vi er vane med. I den ortodokse tradisjonen er det Epifania-festen, eller Kristi Openberringsdag, som er høgtida for Jesu fødsel. Vismennene si tilbeding av Jesusbarnet er sentrum for denne feiringa. Sjølv i det katolske Spania står denne festen 6. januar (Los Reyos) sterkare enn julefeiringa 24.-25. des.
Han som var «rettskaffen»
Matteus skriv sitt juleevangelium (kap 1-2) på særmerkt, dramatisk vis. Då eg las Halvor Moxnes sine tankar (VL 28/12) om denne teksta, og dramaet kring Kristi fødsel, kom eg til å tenkje på julespelet «Herodes» som vart laga for NRK-fjernsynet tidleg på 1970-talet. Det var eit latinsk manuskript frå Middelalderen som var funne i Cluny-klosteret. Matteus-versjonen av juleevangeliet var lettare å dramatisere og visualisere enn Lukas sitt juleevangelium. I Matteus-teksta blir vi også blir kjende med Josef, han som var «rettskaffen» og ikkje ville «føre skam» over Maria, men som Guds engel likevel kalla til å ta vare på barnet og Maria.
Bestill abonnement her
KJØP