Livssynshumanismens overmot

KLIMA: Dei progressive lova oss betre tider når samfunnet kom fri frå førestillinga om Gud, og det fornuftige mennesket fekk stå i sentrum. Men behovet for å venda om forsvinn visst ikkje så lett likevel.

Sofie Braut, klimakrise, debatt
KLIMAKRISE: «Ta dykk i vare for lysta til stadig å eiga meir», sa Jesus. Eit enkelt uttrykt, men med eit tidlaust djup som faktisk også rommar årsakene til klimakrisa, meiner Sofie Braut.
Publisert Sist oppdatert

Etter mange år i skulen har eg i lærebøkene jamleg kome over bistre bilete av Ole Hallesby som skal tena til å illustrera «kulturdebatten» på 1930-talet.

Mellomkrigstida var ei brytningstid der den konservative professor Hallesby representerte ei tid og ein tankegang som no har blitt oss svært fjern, og som «heldigvis» fekk motbør av progressive og liberale krefter som sto klare til å redda oss frå tankar om synd og mørke og behov for omvending.

Betre utan Gud?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS