Listhaugs mørke Facebookside
FLYKTNINGAR: Eg håpar ingen av dei 22 uskyldige barna som har komme til Noreg høyrer Sylvi Listhaug sine ord, og må lure på kva dei har gjort feil for å bli hata så sterkt av verda.
TIL NORGE: 35 syriske asylsøkere frå Moria-leiren i Hellas ankom Gardermoen Lufthavn i forrige veke. Liv Karin Dahlstrøm håpar dei ikkje får med seg alt som blir skrive om dei på Facebook.
Torstein Bøe / NTB
Varmt velkommen til dei 35 av 50 flyktningane frå Moria som Noreg endeleg har funne plass til. Måtte framtida dykkar bli god og verdig - med menneskerettar og tryggleik.
På Facebook-sida til Listhaug skylder ho på flyktningane, som vanleg. Ho synest det er grusomt at Noreg opnar grensene for desse menneska medan nordmenn har barnebarn og kjærastar dei ikkje har fått sjå under pandemien.
Ho meiner Noreg reddar flyktningar i staden for kreftpasientar, og ikkje tar vare på nordmenn gjennom pandemien. Igjen skaper ho eit gap og eit hat mellom menneske ved å legge skylda på sårbare, uskyldige menneske.
Bestill abonnement her
KJØP