Leiarstil i fotballen generelt og Sunnmøre spesielt
Eg er ikkje engasjert i det som gjeng føre seg på bana, men fylgjer med ved hjelp av krusningar på overflata, det vil seie reportasjar og kommentarar i Sumpen og på TV. Og så filosofererar eg litt over det eg er vitne til og det eg har erfart
Det opplyste einevelde?
I omlag heile mitt yrkesaktive liv har min arbeidsplass vore på sjøen. Både på fiskebåten og i handelsflåten var leiarforma hierarkisk fordi handlekraftig leiarskap var eit must på ei skute langt heimafrå. I handelsflåten hadde leiarskapet makt i kraft av si stilling, og på mange vis avgrensa ved lover og reglar. Skipparen på handelsskip måtte bygge opp sin personlige autoritet, om bord og i reiarlaget, stein på stein ved å vere ein rettferdig og ansvarsfull leiar , og eit godt føredøme. Gjorde han nokre reale bommartar på det personlege plan, kunne respekten verte undergrava over natta.
I fiskeri var skipparar og notbasar sin autoritet tufta på resultat. Det var det siste veidemannsyrket. Inntekta til alle om bord var tufta på personleg del av fangsten. Ein skipper/bas som syrgde for at flokken fekk valuta for innsatsen, kunne te seg om lag som han ville utan at hans stilling som leiar vart svekkja. Grønlandsskipparar som Greken og Figenschau, som dreiv mannskapet så langt det var mogleg utan at dei braut saman, nytta nordlandsk gørrkjeft som pisk, men mangla aldri mannskap fordi dei alltid kom heim med full båt. Om 10 man slutta etter ein linetur til Grønland, så stod der alltid minst 20 hardhuda karar klar til å mønstre på. Men den dagen dei gjorde eit par bomturar på rad, då var autoriteten som tørka vekk.