Lærarar frå NLA må ikkje stenges ute av klasserommet
Ingen skal stengast utanfor offentlege klasserom på grunn av si tru eller overbevisning
Klasserommet skal vere ein inkluderande plass, og då må det gjelde begge veier, både for lærarar og elevar. Dette oppnås ikkje med å utestenge lærarar frå private høgskuler på grunn av skulen sitt verdidokument.
Tidleg i år sa nokre skular i Oslo at dei ville nekta å ta i mot lærarar i praksis frå den private høgskulen NLA. Leiar i fagforeininga, pedagogstudentane, skreiv 10. Mars i Vårt land at det var NLA som heldt lærarane utanfor klasseromma, berre ved å ha dette dokumentet. Dette er eit feil bilete av situasjonen, ettersom det var praksisskulane i Oslo som «behandla nokon annleis på grunn av si tru», også kalla diskriminering. Praksisskulane i Oslo ville unngå ein hypotetisk ekskludering av elevar som ikkje var einige med NLA, og løyste det ved å ekskludere bestemte lærarar frå sine klasserom, det er i beste fall hyklersk og i verste fall totalitært.
Leiar i fagforeininga, pedagogstudentane seier at «NLA setter alle som ikkje ønsker seg eitt heterofilt ekteskap på gangen», dette stemmer ikkje. Artikkelforfattaren lager ein fiktiv og falsk bilete av lærarar frå NLA. Ingen elevar skal oppleve å bli ekskludert det meina også NLA sitt verdidokument. Det som skjer i dag derimot er ar lærarar blir heldt ute av klasserom i Oslo-skulen på grunn mangel på respekt for NLA sitt verdidokument. Det er alvorleg ettersom verdidokumentet er heilt legitimt og ein del av skulen sin eigenart. Om det er det offentlege som skal styre og innrette det private, er ikkje det private reelle alternativ til det offentlege lenger.
Bestill abonnement her
KJØP