Kyrkja vil lytte til forteljingane til HIV-smitta
LHBT+ I KYRKJA: HIV-smitta må vere ein del av det større biletet når kyrkja no skal lytte til dei erfaringane ulike menneske sit med i så måte.
ERFARINGANE: – Vi må søkje gode måtar å få tak i dette spesielle og viktige erfaringane og livsforteljingane på, seier preses Olav Fykse Tveit. Biletet er frå ei utstillinga «Hvert øyeblikk teller – Følelser av aids».
Håkon Mosvold Larsen
Det er forståeleg at det er blitt spørsmål om kva kyrkja gjer overfor HIV-positive som har hatt vonde opplevingar av å vere stigmatiserte og kjent seg ekskluderte eller fordømte av kyrkja. Dette skjer i samband med drøftinga av korleis Den norske kyrkja følgjer opp det Bispemøtet har sagt i februar om at ein erkjenner at det er fleire som slit med skader og sår etter korleis kyrkja har behandla homofile og lesbiske i kyrkja.
Del av det større biletet
HIV-smitta må vere ein del av det større biletet når kyrkja no skal lytte til dei erfaringane ulike menneske sit med i så måte. Vi må søkje gode måtar å få tak i dette spesielle og viktige erfaringane og livsforteljingane på.