Kyrkja har ikkje eit medlem å miste
PRESISERING: Vårt Land har tillagt meg meiningar eg ikkje har. Kyrkja treng alle medlemmer og deira bidrag til viktige debattar.
IKKJE RIKTIG: Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, presiserer at han aldri har har sagt at han ikkje er «bekymret for at mange har meldt seg ut etter vedtaket», slik Vårt Land skreiv i går.
Margunn Sundfjord/NPK
Kva kan vi alle gjere for å forhindre den potensielt største krise verda har stått overfor i og med klimaendringane? Kyrkjemøtevedtaket peikar på kva vi kan gjere som samfunn, som kyrkje og som enkeltmenneske.
Ikkje dekning
Det er ikkje uventa at medlemmer i kyrkja kan vere usamde med oppmodinga om å lytte til IEAs ekspertråd og FNs sterke åtvaringar mot vidare oljeleiting.