Kva med å kikka i spegelen, Bakkevig?

KYRKJE OG POLITIKK: Eg konstaterer at ein representant for etablissementet i Den norske kyrkja skyv all kritikk frå seg, og let som om kritikken råkar nedover.

Sofie Braut, kirke og politikk, debatt
TEOLOGISK ELITE: «Bakkevig, som sjølv ein representant for den teologiske eliten i Den norske kyrkja, gir fleire gode illustrasjonar på måten kritikk prellar av i Dnk-eliten», skriv Sofie Braut. Her står Bakkevig (bakerst til høgre) saman med biskopane i anledning Bispemøtet 2016.
Publisert Sist oppdatert

Under overskrifta «Kirke-kritikk som rammer fotfolket» gir Trond Bakkevig i torsdagens Vårt Land ei oppvising i kunsten å unngå kritikk. I staden for å grunna litt over kritikk framført frå fleire ulike hald, manøvrerer Bakkevig seg unna ved å omadressera kritikken nedover i organisasjonen.

Kritikk som prellar av

I innlegget gir Bakkevig, sjølv ein representant for den teologiske eliten i Den norske kyrkja (Dnk) gjennom fleire tiår, fleire gode illustrasjonar på måten kritikk prellar av i Dnk-eliten. Det er som om den tidlegare prosten og mangeårige utvals- og rådsleiaren i Dnk ikkje på nokon måte kan førestella seg at det alvorlege ved kritikken frå underteikna og andre faktisk kan handla om toppleiinga i Dnk.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS