KrF må vise tillit til KRLE-lærarane
KRLE: Både frå ein skolepolitisk og frå ein fagleg synsstad er KrFs forslag om endring av KRLE-faget ein usedvanleg dårleg idé.
KRLE: – Representantane hevdar at «det såkalte kunnskapsløftet 2020 har nesten helt fjernet kulturarvperspektivet i faget». Har dei lese læreplanen, spør Anders Aschim? På bilete: Dag Inge Ulstein (KrF) og Kari Veiteberg (biskop emeritas) under vigslinga av ny biskop i Den katolske kyrkje.
Medan Stortinget og resten av Noreg var i ferd med å førebu seg til påskeferie, eit viktig element i norsk kristen kulturarv, leverte KrF-representantane Dag-Inge Ulstein, Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad dette representantforslaget: «Stortinget ber regjeringen foreslå en endring av KRLE-faget, slik at om lag tre fjerdedeler av undervisningen i faget skal brukes på kunnskap om kristendom og kristen kulturarv» (Representantforslag 273 S [2024–2025], 10. april).
Ettersom sjansen til å få fleirtal for forslaget er minimal, må det vurderast som eit reint valkamputspel. Både frå ein skolepolitisk og frå ein fagleg synsstad er dette ein usedvanleg dårleg idé.
Siger fra 2014