Kjønnsideologien har ikkje dekking i vitskap
KJØNNSDYSFORI: Vi kan ikkje ha ein stat i staten, som gjennom eit stort tal fulltidstilsette lobbyerer på alle nivå, for at ein spesifikk ideologi skal erstatta vitskap.
UEINIG: Kronikkforfattarane meiner det ikkje er forskningsmessig hald i at finst mange variantar av biologisk kjønn, slik biskop Halvor Nordhaug er inne på.
Erlend Berge
Vi er kvinner med fagforankring i humaniora og psykologi som støttar Helgaas og Risholms opprop til foreldre, besteforeldre og alle ansvarlege vaksne om kjønnsforvirrande undervisning. Det som nå skjer i høve sårbare barn og unge, er så alvorleg at det er naudsynt å krevja handling.
Barn vert serverte kjønnsideologiske påstandar utan dekking i vitskap og fagfellevurdert forsking. Det same skjer med unge og vaksne i vidaregåande skule, i offentleg og privat sektor, mykje grunna Fris «Rosa kompetanse» og liknande.
Ikkje grunnlag for «hjernekjønn»