Kjærleik som politisk strategi
Verda er i endring. Det er den for så vidt alltid. Endring prega òg kvardagen i 1995 eller i 2015. Men det er sjeldan at endringa skjer på alle område og på alle nivå på same tid. I dag endrar matvanane våre seg samstundes med alt frå arbeidskvardagen til nasjonal tryggleik. Hadde det berre ikkje vore for at verdas kredittsystem og klima òg er under press, at løgn og juks dukkar opp i norsk idrett, at det er svikt i barnevernssystemet, at antibiotikaresistente bakteriar herjar i heile verda, at det er krig i Ukraina, og … Alt som skjer er så overveldande at ein vert handlingslamma.
For å kunna leva med uroa som følgjer med dei store endringane i verda, kan ein ty til røyndomsflukt. Nokre går i fortidsromantikk-fella. Eit utslag av dette er alle oppslag i norske media om populærkulturen sine A-, B- og C-kjendisar som døyr. Vi minnes ganske ordinære skodespelarar og artistar med eit snev av sorg der og då fordi med dei døyr litt av den trygge og handterlege verda vi kjente.
Nokre går i underhaldningsfella. Å sjå folk som ikkje kan noko gjera noko dei i alle fall ikkje kan, gjer at vi kjenner ei kjensle av meistring. Dramatikk av typen at nokon har ei sjeldan øgle i flybagasjen, at bubiltoalettet er tett, eller vil oppussinga verta ferdig til jul?, er ufarleg og skapar ein viss ro i ei dramatisk og uroleg tid.