Ida Johanne Aadland

Frivillig 

Eg har jobba som frivillig i flyktningleiren på Chios i to månadar. Denne veka vart det intenst. På grunn av eskaleringa den siste tida valde fleire av oss å bestille fly heimatt til Norge i går.

Etter at Tyrkia opna sine grenser og Hellas stengte sine, har situasjonen som allereie var ute av kontroll, vorte verre. Medan Tyrkia på si side sender bussar fulle av flyktningar til grensa og hjelper dei over grenseelva Evros i eigne båtar, prøvar Hellas å halde flyktningane unna med tåregass, våpen og kystvakt utstyrt med spyd.

Grekarane, og spesielt dei greske øyene Lesvos, Chios, Samos og Kos, har ikkje kapasitet til å ta imot fleire flyktningar, noko dei har sagt ifrå om gjentekne gongar på fredeleg vis.

Ikkje berre flyktningar som har vore upopulære

No er enkelte grekarar så leie av situasjonen at dei tyr til vald for å seie ifrå, og den siste veka har ei lita gruppe valdelege menn prøvd - og til dels klart - å teke styringa. Flyktningar har blitt banka opp, frivillig arbeid har blitt stoppa og demonstrantar har blokkert vegen til leiren så flyktningane verken fekk mat eller vatn før langt utpå dagen.

Det er ikkje berre flyktningane som har vore ekstra upopulære den siste veka, også oss frivillige. Frivillige er allereie dårleg likt av mange her fordi fleire oppriktig trur og meiner at me er grunnen til at flyktningane kjem, og at me aktivt oppfordrar folk til å komme til øyene.

På naboøya Lesvos har militæret starta «skytetrening» langs heile austkysten mot Tyrkia på ubestemt tid - dei skyt altså med våpen mot vatnet der det kjem båtar med barn stort sett kvar dag. Dei store, frivillige organisasjonane som Leger uten Grenser og Dråpen i havet har evakuert sine frivillige etter valdelege angrep på folk og bilar. Journalistar blir banka opp og leigebilar og utlendingar er blitt mål for menn med køller og knyttnevar.

LES OGSÅ: Bilene til norske frivillige steinet på Lesvos

Trekk me oss unna ei stund

Her på Chios mista ein av dei frivillige organisasjonane alt utstyret dei hadde samla inn etter at lageret deira vart påtent og brann ned. Andre frivillige har fått tagga slikt som «we don't want you here» på husveggen. I ei Facebook-gruppe vart det tipsa om at fire damer, sannsynlegvis frivillige, var på ein namngitt restaurant og åt, og i kommentarfeltet oppfordra folk: «let's go there and beat them». Der sat me, men var heldigvis allereie på veg tilbake då me såg meldinga.

Uansett: slik det er no, får ikkje me gjort det me er her for å gjere - å hjelpe. Når me i tillegg veit at fascistane på Chios har fått beskjed av likesinna på Lesvos om å følgje deira eksempel med å vere endå meir valdeleg, trekk me oss unna ei stund så me ikkje provoserer meir enn nødvendig.

Eg tenkjer på dei som blir att

Nok ein gong blir det bevist at det er eit privilegium å vere nordmann - for oss var det berre å ta neste fly heim. Eg tenkjer på dei som blir att - flyktningane som har flykta frå trugslar og uro, men som no må vere redde i «trygge Europa». Me snakkast, Chios.

 

LES MER OM FLYKTNINGSITUASJONEN:

Drama etter at Tyrkia åpnet grensen til Hellas: – Situasjonen på de greske øyene vil forverres

KrF utelukker ikke asylinnstramming hvis flyktningstrømmen blir som i 2015

Frp lanserer ti tiltak for å hindre ny flyktningstrøm. – De vil avvikle asylinstituttet, mener asylorganisasjon