Jødar skal vere trygge i Noreg
ANTISEMITTISME: Dei dramatiske hendingane 7. oktober i fjor var svært traumatiserande for jødar i Israel, som vart minna om pogromar og Holocaust. Sjokket og traumet er opplevd av jødar over heile verda, også i Noreg.
BISPEMØTET: Biskopane i Den norske kyrkja skriv at jødar skal vere trygge i Norge.
Erlend Berge
Jødar i Noreg skal vere trygge. Dei jøde-fiendtlege haldningar som har kome til uttrykk i det norske samfunnet den siste tida er heilt uakseptable. Det er det norske samfunnet samla som har ansvar for kva for ordskifte vi skal ha: Den norske kyrkja, politikarar, media og alle borgarar har ansvar for at våre jødiske medborgarar kan kjenne seg trygge her.
Det må skje gjennom dei haldningar og uttrykk som kjem fram i det offentlege rom og mellom oss som bur her landet. Det må skje gjennom opplevd solidaritet og fellesskap.
Vi kan heller ikkje akseptere at jødar i Noreg vert utsette for usakleg og kollektiv kritikk fordi dei er jødar, vert utestengde frå felles arrangement som på 8. mars, eller ved at gamle anti-jødiske karikaturar, beskyldningar eller «troper» (førestillingar og stereotypiar) vert gjentatt i sosiale medier, på gatene og andre stader.