Jo, vi treng nye råd om familiefattigdom
BARNEFATTIGDOM: Talet på barn som veks opp i fattige familiar har lenge vore høgt og aukande, sjølv om fleire regjeringar har forsøkt å redusere tala. Derfor treng vi gode ekspertråd om korleis prioritere best mogleg for å redusere familiefattigdom og gi barna betre levekår.
NYTT UTVAL: Samfunnet brukar store ressursar på å bekjempe familiefattigdom. Men likevel lukkast vi ikkje. Difor treng vi gode råd, skriv Kjersti Toppe.
NTB
I Vårt Land 23. august spør Mathilde Fasting, siviløkonom, i Civita, om vi verkeleg treng eit nytt utval om korleis følgje opp barn i fattige familiar. Ho viser til ekspertgruppa som eg og regjeringa nyleg sette ned. Svaret er ja. Utvalet skal gje oss råd om korleis vi må prioritere innsatsen i åra som kjem, for å sikre gode oppvekstvilkår til barn, og redusere talet på barn som veks opp i fattige familiar. Dessutan må vi klare å førebyggje at fattigdom går i arv på lengre sikt.
Samfunnet brukar store ressursar på å bekjempe familiefattigdom. Men likevel lukkast vi ikkje. Difor treng vi gode råd. At såpass mange barn i Norge veks opp i fattigdom er ei stor og kompleks samfunnsutfordring.
Fasting har rett i at det tidlegare har vore nedsett utval som har vurdert økonomiske overføringar og tenester til barnefamiliane. Men ingen av utvala har nokon gong vore retta særskilt mot å vurdere heile den breie innsatsen for å forebygge og redusere familiefattigdom.
Bestill abonnement her
KJØP