Jesus, Ivar Aasen og sosialisme
Eit avisinnlegg eg hadde på trykk i 2012, har blitt aktualisert av Knut Arild Hareide si opning for at KrF kan kome til å gå i regjering med venstresida i norsk politikk. Dei fleste som er innom denne nettsida har sjølvsagt ikkje lest innlegget tidlegare, og eg tillet meg derfor å legge det ut her no.
Alle i min generasjon og på mine trakter, fekk på folkeskulen på 1950-talet grundig opplæring i Jesus si lære. Når eg så etter kvart kom vidare på andre skular, og der også fekk kjennskap til prinsippa i sosialismen, då vart det for meg opplagt at slik vi fekk framstilt Jesusskikkelsen, så ville han opplagt ha støtta eit sosialistisk prosjekt dersom han hadde levd i vår tid.
Eg har vore i "eit par kranglar" om dette tidlegare, og det har kome fram at folk ofte blir "hengande" i dels diametralt motsette idéar om kva sosialisme står for. Foreldregenerasjonen min kopla nok eksempelvis sosialisme sterkt til Stalin sin politikk i Sovjetsamveldet. Ikkje til å undrast over at dei då fekk sosialismeordet i vrangstrupen. Slik eg har lært å forstå sosialisme, står den ideologien derimot for eit opplegg som prøver å sikre ei anstendig fordeling av "godene", på bekostning av rikfolk sin fridom til å utbytte fattigfolk. Ei haldning eg hadde trudd ville vere naturleg blandt "gode sunnmøringar"...
Ein grunn til at sunnmøringane likevel ikkje har sett på sosialisme som "ei aktuell problemstilling", kan vere den samfunns- og næringslivshistoria vi har hatt i dette distriktet. Ein ting er at vi stort sett var sparde for væreigar-veldet som Nord-Norge lenge var dominert av. Sunnmøringen i gamledagar var ofte fiskarbonde med ei basisinntekt frå jordbruk, og dermed ikkje heilt i lomma på ein væreigar, slik mange fiskarar var lenger nord, der dei nok kjende på eit større behov for vern mot utbytting.
Bestill abonnement her
KJØP